Bildegalleri
Osterøy Bygdebok - Almennsoge Band II (Ulest) *Frakt er inkludert
Til salgs
229 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Selger denne uleste flotte boken med omslag,
Osterøy Bygdebok - Almennsoge Band II (Ulest)
Nypris: kr. 490,-
Selges for kr. 229,-
*Frakt er inkludert i pris
Band II av Osterøy Bygdebok fylgjer utviklinga frå «det store hamskiftet» kring 1870 og fram til våre dagar. Boka gjev innblikk i korleis bygdesamfunna på Osterøy har utvikla seg gjennom desse 140 år.
Boka er delt i tre hovudbolkar. Fyrste delen dekkjer perioden frå 1870 til midten av 1930-åra. Viktige tema er utflyttinga frå bygdene, utskiftingane, samferdslerevolusjonen med dampbåtane, handverk som vert industri og framvekst av lagslivet. Krisetidene i mellomkrigstida får brei plass.
Den neste hovudbolken i bygdeboka dekkjer perioden 1935 til 1965. Den andre verdskrigen er eitt viktig tema, med krigshandlingar på Osterøy siste krigsåret. Etterkrigstida var fyrste åra prega av rasjonering og regulering, men samstundes skjedde det veldige framsteg på mange område. Jordbruket vart mekanisert, og Osterøy vart eit mekka for småindustrien. Midt i 1960-åra var «etterkrigstida» til endes.
Den tredje hovudbolken går frå 1965 til i dag. Denne perioden er prega av dei enorme endringane som har skjedd i kvardagsliv, næringsliv og kulturliv. Osterøy vart samla til eitt rike i ein eigen kommune, og den kommunale aktiviteten har prega lokalsamfunnet i mykje sterkare grad. Dei store stridssakene, som bru, skule og eldreomsorg, dominerte den politiske debatten på lokalplanet.
Osterøy Bygdebok er rikt illustrert, slik at tekst og bilete gjev oss eit eineståande innblikk i vår nære fortid.
Bygdeboka er på 625 sider - format 17 x 24 cm.
Boka er rikt illustrert med ca. 330 bilete/illustrasjonar.
Utgjevar: Osterøy Bygdeboknemnd, 5282 Lonevåg
ISBN 978-82-91229-23-2
Utgjevingsår: 2011
Osterøy Bygdebok er allmennsoge for Osterøy i to band.
Band 1 går frå dei eldste tider til 1870.
Band 2 går frå 1870 til i dag.
Fyrste bandet vart gjeve ut i 2007, andre bandet kom i 2011.
Heile prosjektet har såleis teke sju år.
Attom bygdeboka står Osterøy Bygdeboknemnd. Nemnda er skipa av Osterøy Sogelag, Osterøy museum og Osterøy kommune.
Medlem i bygdeboknemnda har vore: Frå Osterøy Sogelag: Rune Revheim (leiar), Leiv Mæhle, Agnar Vevle. Frå Osterøy museum: Randi Andersen. Frå Osterøy kommune: Roger Breivik. Professor Ståle Dyrvik frå Historisk institutt ved Universitetet i Bergen har vore knytt til prosjektet som fagkonsulent.
Forfattar av Osterøy Bygdebok er Geir Kleiveland. Han er utdanna lektor frå Universitetet i Bergen. Tidlegare har han skrive bygdebøker for Naustdal kommune - to band gards- og ættesoge og eitt band allmennsoge. For Meland kommune har han skrive tre band gards- og ættesoge. Han har skrive ei rad artiklar og lokalhistoriske bøker med stoff frå Osterøy. Sidan 1989 har han vore med i skriftstyret for «Osterøy i soge og samtid».
Viktigaste finansieringa av bokprosjektet står Osterøy Sogelag for. Laget har lagt alle inntektene frå boksal gjennom mange år inn i prosjektet. Overskotet av sogeskriftet «Osterøy i soge og samtid», eit fellesprosjekt mellom sogelaget og museet, er også brukt på bygdeboka. Endeleg har Osterøy kommune gjeve viktige bidrag til prosjektet. I tillegg har Sparebanken Vest løyvt midlar, og forfattaren har fått fleire stipend frå Det faglitterære fond/Norsk faglitterære forfatter- og oversetterforening.
Du kan lesa meir om kvart av banda ved å trykkja på framsidene til venstre eller desse lenkjene:
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.7.2025 kl. 19:20 ・ FINN-kode: 415838437


