Bildegalleri
ODDA OG OMLAND FAGLIGE SAMORGANISASJON 75 ÅR
Til salgs
Gratis frakt + Trygg betaling 39 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Etter levering har du 24 timer til å se over varen. Hvis det er noe galt med varen, får du pengene dine tilbake.
Lag en pakke
Kjøp mer fra selgeren og betal bare én fraktkostnad.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
1914-1989 ODDA OG OMLAND FAGLIGE SAMORGANISASJON 75 ÅR samhold gjør sterk.
I 1914 vart Odda & Omegns faglige Samorganisation stifta av dei lokale fagforeningane. Dei hadde behov for eit lokalt felles- organ for dei fagorganiserte. Denne samorganisasjonen var ein av dei første i landet, og slutta seg til Fagopposisjonen av 1911. I jubileumsåret 1989 vedtok Representantskapet å lage og gje ut denne Jubileumsboka. Mange har gjort ein stor innsats for å få dette til ilag. Vi vil takke alle som har bidratt både med innhaldet, det tekniske og økonomisk. Vi vonar at mange vil lesa og diskutere boka og lære av historia. Boka bør spore til auka interesse for historia til fagrørsla og arbeidsfolket. Helsing Odda og Omland faglige Samorganisasjon
Denne jubileumsboka er den første samla framstillinga av historia til fagrørsla i Odda- distriktet. Ved siden av historia til Odda og Omland faglige Samorganisasjon gjennom 75 år, presenterer også kvar fagforening seg med fane og historikk i denne boka. Alle fagforeningsfanene i fargetrykk er eit viktig arbeidarkulturminne, og er kome istand med støtte frå Norsk Kulturråd. Elles har både Odda Kommune, lokale bedrifter, Landsbanken og ikkje minst dei lokale fagforeningane og deler av fagorganisasjonen sentralt, gitt økonomisk støtte som har vore avgjerande for å få til denne utgjevinga. Boka er gitt ut av Odda og Omland faglige Samorganisasjon. Arbeidsutvalet har vore redaksjonskomité.
Den 14. oktober 1989 vart Smeltar-monumentet avduka i Odda sentrum. Anleggsarbeidet for kraft- og industriproduksjon kom igong i Skjeggedal, i Tyssedal og i Odda frå 1906. Same året vart dei første fagforeningane stifta. Industriproduksjonen kom igong i 1908. Den lokale fagrørsla har heilt frå starten vore radikal og aktiv. <<
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 5.12.2024 kl. 19:03 ・ FINN-kode: 383744773





















