Bildegalleri
Trerive
Til salgs
3 500 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
Nylaga treriver selgast!
Laga etter oppskrift frå Aurland og Hans Winjum, som lærte meg handverket.
Rivehodet er gjort av Selje, tindane i Klunger/Nyperose/Villrose og skaftet er av Furu.
Laga på gamlemåten med hand verktøy, utan lim.
Smurt med kokt linolje.
Tre stk igjen, ferdig til bruk.
Ei barne/ungdoms rive, ei vanleg str og ei større samlerive.
Rivene er i ymse breddder og lengder, men vanleg er omlag 58 cm breid med 18 tindar og ca 2 meter longt skaft.
Rivene er laga for å brukast, men må behandles for kva det er, med varsam hand.
Dei er likavel fin nok til pynt óg.
Den fysste eg laga har eg sjøl brukt på årleg høyònn i 12 år utan å knekke tinder.
Tinder er lett å byta, for den som har litt handlag med kniven.
Prisen som står er pr rive, om du tek fleire i samma slengen vert det litt avslag.
Kan hentast her, eller leverast omkring på Vestlandet ved neste høve.
Vil helst ikkje senda dei i posten, men kan gjera det òg om einaste muligheit.
Send mld her ved interesse.
Rive - trerive- slåttonn - høyonn - høyrive - handverk
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 11.8.2026 kl. 16:03 ・ FINN-kode: 359935861












