IKT driftskonsulent
- Søknadsfrist 21.6.2024
- Mulighet for hjemmekontor Delvis hjemmekontor
- Arbeidsspråk Norsk
- Sektor Offentlig
Har du lyst til å vera med å forma NIBIO sin bruk av IKT i forsking?
Nøkkelinformasjon
Vi søkjer ein erfaren kollega med interesse for teknologi og digitalisering. Vi trur du er trygg på etablert og ny teknologi, og er tidleg ute med eigne vurderingar rundt bruk og nytte. Det treng vi i eiga avdeling og i NIBIOs andre fagmiljø, og du er kanskje den som er med å påverke den teknologiske retninga vi tar vidare. Viss du i tillegg er sosialt anlagt og interessert i andre folk og fagområde, trur vi du kan bli ein nøkkelspelar på laget vårt.
Laget vårt består av ein driftsfunksjon som tar vare på interne og eksterne miljø, og ein brukarstøttefunksjon som hjelper dei tilsette med IKT-utstyr og løysingane som blir der brukte. Rolla di vil primært tilhøyre driftsfunksjonen, men vil også vere sentral opp imot fagmiljøa. Arbeidsstad er Ås.
Hovudoppgåvene til stillinga
- Drift, optimalisering og overvaking av NIBIOs Oracle Cloud Infrastructure miljø
- Administrasjon av NIBIOs Microsoft 365 miljø
- Faglig koordinator mellom sentral IKT og NIBIOs fagmiljø
- Pådrivar og rådgivar i eiga avdeling og mot NIBIOs fagmiljø om ny teknologi
- Generell drift og vedlikehald av infrastruktur og løysingar
- Delta i vaktordninga til driftsfunksjonen på IKT infrastruktur
- Være ein ressurs i dei mangfaldige prosjekta og arbeidsoppgåver til IKT-avdelinga
Kvalifikasjonskrav
- Lang erfaring frå større driftsmiljø
- Høgare utdanning (bachelor eller høgare) innan IKT. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
Det er ein fordel om du har
- Erfaring med KI/maskinlæring
- Erfaring med drift av Oracle Cloud Infrastructure
- Erfaring med drift av Microsoft 365
- Erfaring frå kunnskapsbedrifter
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig og ansvarleg
- Lagspelar
- Sosial
Vi tilbyr
- Moglegheit til å jobba med eit viktig samfunnsoppdrag med fokus på berekraft og framtidsretta prosjekt
- Utfordrande, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
- Ein fleksibel kvardag med moglegheit til å påverka eigne arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
- Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsettes ulike livsfaser
- Nødvendig kompetanseheving
- Fleksitidsordning og moglegheit for heimekontor
Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som seniorrådgjevar kode 1364 eller rådgjevar kode 1434, lønssteg 60-74 (kr 584.500 - 745.000 pr. år). Løna og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.
Les meir om NIBIO som arbeidsgjevar her: Jobb i NIBIO (https://www.nibio.no/om-nibio/jobb-i-nibio?locationfilter=true)
Korleis søkja på stillinga
CV fyller du ut elektronisk og sendar via lenkje på denne sida, "søk stillinga".
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.
Andre opplysingar
Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
NIBIO har hovudkontor i Ås i Akershus, har om lag 750 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.
IKT-avdelinga er ansvarleg for infrastruktur og felles basisløysingar i NIBIO. Det omfattar val av teknologi og løysingar som understøttarbehovet og kapasiteten for den faglegen verksemda ihht. NIBIOs IKT-strategi. Avdelinga består av 11 personar som har ansvar for all drift og forvaltning av felles basisløysingar og brukarstøtte.
- Sted: Oluf Thesens vei 43, 1433 Ås
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, IT, IT - maskinvare
- Stillingsfunksjon: AI / Maskinlæring, Drift/Operations
Videospiller
Nøkkelord
systemansvarlig, drift, IT, data, system
Spørsmål om stillingen
Kenneth Osenbroch
Avdelingsleiar
Firmaets beliggenhet
Annonseinformasjon
- FINN-kode: 355046227
- Sist endret:
- Org.nr.: 988983837Se på Brønnøysundregistrene(åpnes i ny fane)