Bildegalleri
Komp - No isolation, enkel videokontakt med eldre i familien
Til salgs
4 700 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Her får du eit supert hjelpemiddel til å halde kontakten med familemedlemmar og vennar som ikkje er 'digitale' og ikkje lett handterer data, smarttelefon og diverse appar.
Dette er faktisk ei datamaskin med skjerm på ca. 21 tommer. Likevel er det ikkje meir enn éin knapp å halde styr på, så maskina kan enkelt brukast av alle uansett digital kunnskap og erfaring: Det er altså berre éin knapp: av/på med trinnlaus lydstyrke. Resten ordnar maskina sjølv.
Du kan gjennom videosamtaler frå mobilen din lett prate med personen framfor maskina, og vedkomande ser og høyrer deg via den store fargeskjermen (ca. 21"). Dette skjer gjennom Komp-appen som ligg lett tilgjengeleg og nedlastbar på nettet. Du ser sjølvsagt også personen som sit framfor Komp-maskina.
Du styrer alt frå denne appen og kan også leggje inn still-bilete med tekst. Desse rullerer heile tida på skjermen så lenge maskina står på. Det kjem eit lydsignal frå maskina når nytt bilete er lagt inn så mottakaren heile tida veit når det skjer ting. All lyd kan altså regulerast trinnlaust. Du styrer sjølv kor lenge bileta skal vera synlege for mottakaren: i kor lang periode og kor lenge kvar gong. Slik kan brukaren følgje med på kva familien driv med uansett avstand.
Klokkeslett, dato med store bokstavar og vêrmelding kjem også opp på skjermen.
Når du ringjer Komp-maskina med mobilen din for ein samtale med vedkomande med Komp'en, kjem det eit tydeleg ringjesignal som varer i 10 sek så vedkomande kan koma seg på plass framfor skjermen. Deretter dukkar ditt blide ansikt automatisk opp. Så lenge maskina er skrudd på, skjer alt automatisk. Mottakar gjer ingenting. Du kan derfor også ringje opp berre for å sjå om alt ser ok ut hjå vedkomande dersom maskina er på.
Du knyter maskina greitt opp mot nettverket som finst der vedkomande bur, via appen. Her har me brukt nettverket både i heimen privat og på den aktuelle institusjonen. Vår brukar har hatt stor glede av Komp'en ettersom vedkomande ikkje hadde digital erfaring.
Dette er modell KOMP EV 2b
(Sjå elles https://komp.family/)
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 4.9.2026 kl. 12:01 ・ FINN-kode: 350175434





