Utløpt

Vil du jobbe i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag?

Arbeidsgiver
Åna fengsel
Stillingstittel
Fengselsbetjent - midlertidig stilling
Frist
snarest
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Kriminalomsorgen

Fengselsbetjent - midlertidig stilling

Om stillinga

Åna fengsel treng midlertidige fengselsbetjentar i opp til 100 % stilling, etter avtale.

Ein fengselsbetjent har ansvar for dei innsette og tilsette sin tryggleik, innhaldsarbeid, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fengselsbetjenten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konflikthandtering og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.


Arbeidsoppgåver

  • avdelingsteneste med daglege oppgåver knytte til innsette
  • kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
  • vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdelinga

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må ha

  • bestått fengselsbetjentutdanning frå Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS
  • god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

 


Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og systematisk med målgruppa
  • evne til å søkje gode løysingar for den enkelte, i samspel med kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
  • tolmod, ansvarsfull, å kunne setje grenser og ha evna til å motivere menneske i vanskelege livssituasjonar

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Stillinga er løna i lønstrinn 41 (44300) til 57 (557100) etter ansiennitet
  • Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling) 
 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Truls Tingvik på telefon 51799102

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Om arbeidsgiveren

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Region sørvest omfattar fengsel og friomsorgskontor i Rogaland og Agder, med rundt 600 tilsette. Regionadministrasjonen ligg i Sandnes.
Åna fengsel har rundt 170 tilsette, med til saman 164 plassar for mannlege innsette, fordelt på 140 plassar med høgt tryggleiksnivå og 24 plassar med lågare tryggleiksnivå.

Sektor
Offentlig
Sted
Åna, 4365 Nærbø
Bransje
Helse og omsorg,
Politi og sikkerhet,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Følg firma
1279 følger dette firmaet

Åna, 4365 Nærbø

Annonseinformasjon

FINN-kode 341759516
Sist endret 8. apr. 2024 11:40

Rapporter annonse