Bildegalleri

Hus i Sandane sentrum kanskje til salgs

Prisantydning2 800 000 kr
Totalpris
2 800 000 kr
Omkostninger
0 kr
Fellesgjeld
0 kr
Felleskost/mnd.
0 kr
Formuesverdi
3 200 000 kr
Verditakst
3 400 000 kr

Nøkkelinfo

Boligtype
Enebolig
Eieform
Eier (Selveier)
Soverom
7
Primærrom
150 m²
Bruksareal
180 m²
Byggeår
1910
Renovert år
2009
Utleiedel
Ja
Tomt
Eiet

Les mer om bruksareal her

Fasiliteter

Bredbåndstilknytning
Garasje/P-plass
Kabel-TV
Offentlig vann/kloakk
Parkett
Peis/Ildsted
Sentralt

Visning

Ta kontakt for å avtale visning.

Beskrivelse

LITE ENERGIEFFEKTIVT? Dette huset har blitt definert som "lite energieffektivt", og det er vel fordi det er gammalt og har dei opprinnelege glasrutene, som er tynne og litt 'småbulkete' -- noko eg personleg har høg sans for.

Familien som bur i huset no, syns der burde være ei varmepumpe i stova, men då eg og familien min budde der, fraus vi aldri -- når det kom ned i ti--tjue minusgrader ute, fyrte vi berre jevnt i vedovnen på kjøkenet og i peisovnen (med glasdør) i stova. Veggane er slett ikkje av dei "kaldaste": Dei er lafta, cirka åtte cm tjukke + lekter/luftlag og panel både utvendig og innvendig.

SOLIDE MATERIALER: Alt av treverk i dette huset er av ypperste kvalitet: "usliteleg" panel utvendig; der er knapt skifta ei einaste fjøl, heller ikkje på vestveggen, etter over hundre og ti år med vestlandsvær ifrå vest); edelgran og malmfuru i golva i andre etasje også i første etasje, bortsett frå i kjøkenet og stove der det er nyare tjukk treparkett.

KJØKEN OG BAD: Desse romma har ikkje spesielt ny/pen innredning, men er i bra stand. Badet i andre etasje fekk nytt golvbelegg -- svært nøyaktig lagt på plass (haugevis av vanskelige vinklar/hjørner) av Tore Støylen, og har og nytt toalett (2022).


ELEKTRISK: Delar av det elekstriske anlegget blei oppgradert i 2009, resten er frå midten av åttitalet, trur eg (installert av sonen til dei dåværande eigarane, så han var svært raus med antalet stikkontakter -- som er høgt!). Sikringsskapet var oppgradert etter ny standard i 2019, trur eg det var.

SKIKKELEG DRENERT: Terrenget inntil huset er skikkeleg drenert, djupt ned, grus, dreneringsplast -- av Fure Minigravemaskin, 2009 -- slik at vatn/regnvatn renn utfor hammaren; så kjellaren er tørr.

FÔRA PIPELØP OG FEM OVNAR/PEISAR: Begge pipeløpa vart fôra av fagfolk i 2009; det eine med Leca-blokker/rør, det andre med rør av syrefast stål. Samtidig vart det montert peisovn og vedovn i kjellar, vedovn i kjøken, peisovn i stove og vedovn i kontor/soverom i andre etasje -- alle godkjent av branninspektør.

"FASTLIGGANDE" SKIFERTAK: Taket på huset er dekt av skiferheller som ligg godt, for dei er festa med første generasjon galvaniserte spikrar. Aluminiumsbeslag på kantane av taket og pipehattar og takrenner er av nyare dato.

TO BILAR: Dobbel garasje med god plass til to bilar; det er godt med plass framfor garasjen, slik at ein bil eller to kan stå parkert der.

HAGE: Det er litt hage på vestsida av garasjen, og litt hage framfor huset og, samt hageplass på sjøsida av huset; der er plass til platting / uteplass m.m.

ALT I ALT eit tvers igjennom solid og vakkert hus, ikkje kjempestort, men med svært gode planløysingar og massevis av gammal sjarm! Må òg nevne alle dei innebygde skapa overalt, store og små -- inkludert tre "bortgøymde" oppbevaringsskap som ein ikkje utan vidare ser.

Beliggenhet

Rett ved Sandane sentrum

Vesentlige opplysninger

VIKTIG: Denne annonsa er foreløpig meint som ein "prøveklut". Ein familie bur i huset no. Dei har fått beskjed om at eg kanskje vil selge huset.

ANGÅANDE PRISEN: Sparebanken Sogn og Fjordane har sett verdien på eigedomen til 3 200 000; eg vil i utgangspunktet være nøgd med 2 800 000.

Ta kontakt med selger for komplett informasjon

Nærområdet

Profilinfo

Annonseinformasjon

FINN-kode321648247
Sist endret17. okt. 2025 09:27

Rapporter annonse

Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.