Bildegalleri
Marsvin frå registrert oppdrettar til sals
Til salgs
1 500 kr
Beskrivelse av varen
Kvaløya Marsvinoppdrett er eit lite men seriøst oppdrett av marsvin registert hos Norsk Marsvinklubb. Eg driv oppdrett av strihårsrasen teddy.
Vi har for tida ei ho til sals: Row fødd 15. juni 2026. Du må ha minst eitt marsvin frå før om du ønskjer å kjøpe ho. Rundt 15. oktober kan Gassanb flytte saman med Rudolf.
Vi ventar også fleire kull i laupet av november-desember og det er mogleg å setje seg på venteliste.
Kjøper du marsvin frå seriøs oppdrettar i staden for dyrebutikk, får du friske og godt sosialiserte dyr samt oppfølging ut livet til dyra. Ta kontakt om du av ein eller annan grunn ikkje kan ha marsvina lenger: eg tar dei kanskje tilbake.
Marsvina blir selde to og to viss du ikkje har marsvin frå før, sidan dei er flokkdyr og mistrivst åleine.
Ungane blir ikkje selde før dei er fire veker gamle og har oppnådd ei vekt på minst 300 gram. Dyr på under eit år blir selde for 1500 kr, dyr på over eit år og dyr med utstillingsfeil blir selde for 1000 kr. Born under 18 år må ha samtykkje frå foreldre før kjøp. Vi reserverer oss retten til å velje kjøpar mellom fleire interesserte.
Vi tilbyr også marsvinpass av dyr frå eige oppdrett året rundt, både sommar og vinter. Ta kontakt gjennom facebooksida vår for meir informasjon rundt dette.
Ta kontakt for ein hyggjeleg marsvinprat:)
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Annonsens metadata
Sist endret: 18.10.2026 kl. 20:19 ・ FINN-kode: 214644747
