

Prisen inkluderer et tjenestegebyr på 4,98 % per måned.
Trygg leie leveres i samarbeid med
Velkomen til ei koseleg og funksjonell hytte/bustad i Morgedal i Vest-Telemark. Her får du ein roleg og landleg plass med nærleik til skog, natur og gode moglegheiter for friluftsliv – både som fritidsbustad og heilårs bustad.
Bustaden er på ca. 60 m² og inneheld:
2 soverom
Kjøkken
Stove
Bad
Kaldgang
Kaldkjellar under delar av bygget
Eigedomen har innlagt straum og vatn, og det er moglegheit for tilkopling til fiber/internett.
Hytta leigast ut delvis umøblert, og er nyleg pussa opp innvendig, noko som gir eit lyst og triveleg preg. På kjøkkenet følgjer fastmontert oppvaskmaskin, steikeomn og mikrobølgeomn.
Det er heilårs tilkomst med køyreveg fram til døra, og vegen vert brøyta om vinteren.
Om området:
Morgedal byr på eit roleg og naturnært miljø, med gode moglegheiter for turar, jakt og fiske. I nærområdet finn du også:
Skibakke
Hotell med basseng og spa
Serveringsstader
Fine tur- og friluftsområde
Det er kort veg til Vrådal, Rauland, Høydalsmo og Seljord, som gir eit breitt aktivitetstilbod både sommar og vinter.
Bygningsinformasjon:
Delar av hytta er oppført i lafta tømmer frå 1947, medan resten er bygd i reisverk frå 1962. Dette gir ein kombinasjon av tradisjonell sjarm og praktisk løysing.
Annonsene kan være mangelfulle i forhold til lovpålagt opplysningsplikt. Før bindende avtale inngås oppfordres interessenter til å innhente komplett informasjon fra meglerforetaket, selger eller utleier.

