Utløpt

Kontrollingeniør for støytiltak, Sotrasambandet

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Kontrollingeniør for støytiltak, Sotrasambandet
Frist
30.05.2019
Ansettelsesform
Fast
Sotrasambandet

Sotrasambandet er eit av tre store vegprosjekt i Noreg som er vedteke gjennomført som OPS-prosjekt.  Med ei investeringsramme på om lag 10 milliardar kroner vil prosjektet vere eit av dei største vegprosjekta som nokon gong er gjennomført i Noreg. Prosjektet har no ei ledig stilling som kontrollingeniør på lokale støytiltak. 

Om prosjektet

Prosjektet omfattar mellom anna 9 km med ny 4-felts veg (4,6 km i tunnel), ny Sotrabru med fritt spenn på 590 meter, 38 mindre bruer og konstruksjoner,  14 km med gang- og sykkelveg og omfattande oppgradering / omlegging av eksisterande vegnett.  Reguleringsplanar for prosjektet er vedtekne og Stortinget har behandla saka. Utlysning av OPS kontrakten er planlagt i 2019. OPS-kontrakten inneheld prosjektering, bygging, drift og finansiering av prosjektet.

I samband med prosjektet skal ein utføre lokale støytiltak av ca. 600 bueiningar. Desse vil verte utførd som byggherrestyrte entreprisar.

Les meir om prosjektet på vegvesen.no/vegprosjekter/sotrabergen.

Stillinga inngår i den regionale byggherrepoolen.


Arbeidsoppgåver
  • Oppfølging av entreprenørar i byggefasen. Utøve byggherrefunksjon på vegne av byggeleiar.
  • Utføre kvalitets-, framdrifts- og kostnadskontroll
  • Deltaking i byggemøter etter behov
  • Teknisk kvalitetskontroll og dokumentasjon i høve byggherren sin kontrollplan
  • Kontakt mot huseigarar og eksterne rådgjevarar

 


Kvalifikasjonskrav

Utdanning frå universitet/ høgskole min. 3 år. eller 2-årig teknisk fagskole innan relevant fagkrins. Utdanningskrava kan avvikast for søkjarar med omfattande og relevant erfaring innan fagområda og elles gode føresetnadar for stillinga.

Det vil vere ein fordel med erfaring frå fagområdet anten frå entreprenør - eller byggherre.

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stillinga set krav til mobilitet, og vi krev førarkort for bil (klasse B).

Du må ha gode kommunikasjonseigenskapar i norsk, både munnleg og skriftleg. Evne til å skapa godt samarbeid med våre samarbeidspartar er heilt avgjerande, og du bør trivast med å arbeide både ute og på kontorplassen.

Vi vektlegg:

  • Evne til å kunne ta initiativ og jobbe sjølvstendig 
  • Erfaring frå liknande arbeid og kjennskap til kontraktsarbeid
  • Generelt gode datakunnskapar
  • Ryddig, strukturert skriftleg framstillingsevne
  • At du trivs med lagarbeid og kan skape gode resultat saman med andre.
  • At du aktivt er med å skape eit triveleg og godt arbeidsmiljø

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda

  • Introduksjonsprogram og fadderordning
  • Fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • Pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • Etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet.  Me jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vil gjerne ha ein søknad også frå deg som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga. Me gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en kan brukast til registrering.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.


Kontaktpersonar for stillinga

Prosjektleiar Espen Hammarsland, tlf.478 64 098, eller byggeleiar på støytiltak, Birger R. Matthiessen, 468 69 971.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

 

Sektor
Offentlig
Sted
Marinevegen 2, 5141 Fyllingsdalen
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
Følg firma
446 følger dette firmaet

Marinevegen 2, 5141 Fyllingsdalen

Annonseinformasjon

FINN-kode 147662006
Sist endret 16. mai 2019 12:47

Rapporter annonse