Utløpt

Kontrollingeniør ferjekaiprosjekt

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Kontrollingeniør ferjekaiprosjekt
Frist
31.01.2019
Ansettelsesform
Fast
Om stillinga

I Statens vegvesen Region vest er det ledig stilling som kontrollingeniør for ferjekaiprosjekt i vegseksjon Fjordane. Det skal leggast til rette for el-ferjer på sambandet Hella - Dragsvik -Vangsnes, samt byggast nye servicebygg på kaiane. Kontorstad vil vere byggherrekontor på Vangsnes. Seksjonen har i tillegg ansvaret for drift- og vedlikehald på riks- og fylkesvegar og bygging av nyanlegg innanfor gitte rammer.

Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande innan eit sterkt fagmiljø. Stillinga vil vere knytt til byggherrepoolen i Region vest.


Arbeidsoppgåvene

Arbeidsoppgåvene vert å:

  • vere ein del av byggeleiinga som føl opp kontrakt med entreprenør
  • rapportere og følgje opp kvalitet og framdrift
  • delta i byggemøte og vere ute på anleggsstaden
  • delta aktivt i HMS-arbeidet

God fagleg tyngd frå betongfaget og erfaring frå arbeid i/nær sjø er ein fordel. Like viktig er det at du kan handtere kollegaer, konsulentar og entreprenørar på ein god måte.


Kvalifikasjonskrav

Det vert kravd minimum 3-års relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, samt gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast. Søkjar må ha førarkort for bil (kl. B).

Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Vi legg vekt på:

  • relevant og tverrfagleg arbeidserfaring
  • kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
  • gode samarbeidsevner og at du er aktivt med på å skape eit triveleg arbeidsmiljø
  • gode datakunnskapar
  • erfaring frå samferdsleanlegg og betongfaget er ynskjeleg

Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi tilbyr også desse goda:

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for avspasering
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskular og gode høve for fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.


Kontaktperson

Meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du få hjå seksjonsleiar Tone Anette Espe tlf 959 48 075.


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, driftar og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med

ca. 7500 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Vi er inne i ein periode med fleire spennande endringsprosessar, noko som vil påverke både struktur og oppgåvesamansetjing.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 6861 Leikanger
Bransje
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
Følg firma
446 følger dette firmaet

Askedalen 4, 6861 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 138200016
Sist endret 16. jan. 2019 11:01

Rapporter annonse