Utløpt

Miljøterapeut - fast 70 % stilling

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljterapeut - fast 70 %
Frist
08.12.2016
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)

Ved Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet på Nordfjordeid, er det ledig ei fast 70 % stilling som miljøterapeut frå 01.01.2016 i turnus, det inneber p.t. 3-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.

Vi har eit tett samarbeid med dei andre institusjonane i Sogn og Fjordane, der målsettinga er å ha god kvalitet i tenestene våre. Som arbeidsmodell nyttar vi Målstyrt miljøterapi, jamfør rapport om kvalitet i barnevernsinstitusjonar.

Arbeidsoppgåver / ansvarsområde

  • Målretta miljøterapeutisk arbeid.
  • Praktiske oppgåver rundt ungdommane og i avdelinga.
  • Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntak, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
  • Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Motivere og engasjere ungdommane i positive aktivitetar.
  • Møteverksemd.
  • Hovudkontaktarbeid.

Kvalifikasjonar

  • For tilsetjing som miljøterapeut krev ein treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning kan vurderast.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn/ungdom, miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon eller liknande, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • Førarkort for personbil.

Kven søker vi

Vi søker deg som har evne til å ta ansvar, er sjølvstendig, trygg i vaksenrolla og som kan ivareta ungdomane og deira behov og samtidig oppretthalde ein god struktur og eit fagleg perspektiv. Du er fleksibel og trivast med store utfordringar og endringsarbeid, og du har evne til hurtig omstilling. For deg er brukarmedverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som kode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleiar i lønnsramme 15, alt. 1-18, p.t. kr 353 700-480 900 pr. år, eller som spesialutdanna miljøterapeut kode 1534 i lønnsramme 18, alt. 1-18, p.t. kr 377 300-516 000 pr. år ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 stp. Avlønning og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Arbeid på ein institusjon i fagleg utvikling.
  • Ein variert kvardag i eit godt arbeidsmiljø.
  • Arbeidstid, etter ein kvar tids gjeldande turnus.

Generelle opplysningar

  • Staten legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Bufetat har som eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttera personar med fleirkulturell bakgrunn.
  • Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Bufetat er ei IA (Inkluderande Arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan verta gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verta ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.

Kontaktperson for stillinga

Avdelingsleiar Bjørg Melheim, telefon 466 18 823.

Ein kan finne info om institusjonen på Bufetat si heimeside www.bufetat.no

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju eller leggjast ved elektronisk.

Søknadsfrist: 08.12.2016

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.


Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.


Sogn og Fjordane ungdomssenter er ei institusjonseining for barn og unge i alderen 12 - 18 år(20 år) som treng eit mellombels institusjonsopphald eller ein statleg familieheim, etter Lov om barnevern § 4-4.4 ledd og § 4-12. Sogn og Fjordane Ungdomssenter skal gjennom traumebevist omsorg og målstyrt miljøterapi etablere prodesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling. Eininga er organisert i 2 institusjonsavdelingar, Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid. Sogn og Fjordane ungdomssenter har og eiga avdeling for familieheimar.


Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet på Nordfjordeid, har 4 plassar for ungdom. Institusjonen ligg sentralt på Nordfjordeid på eit lite garsbruk med dyr.

Sektor
Offentlig
Sted
Sophus Lie-vegen 9, 6770 Nordfjordeid
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom
Følg firma
1668 følger dette firmaet

Sophus Lie-vegen 9, 6770 Nordfjordeid

Annonseinformasjon

FINN-kode 86669317
Sist endret 24. nov. 2016 12:46

Rapporter annonse