Utløpt

Undervisningsinspektør ved Fokus Setermoen

Arbeidsgiver
Forsvarets Høgskole
Stillingstittel
Undervisningsinspektør ved Fokus Setermoen
Frist
30.11.2015
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Forsvaret

Ved Forsvarets høgskole, Fokus Setermoen er det frå 01.12.2015 ledig 100 % fast stilling som undervisningsinspektør kode 1187.

Fokus (Forsvarets kompetanse- og utdanningssenter) er ein del av Forsvarets høgskole og gir tilbod
om karriererettleiing og sivil kompetanseheving for personell i Forsvaret.
Arbeidsstad for stillinga er Setermoen leir.

Arbeidsoppgåver
I samarbeid med rektor planlegge, organisere og iverksetje dei ulike oppgåvene til Fokus. Primæroppgåvene er karriererettleiing for vernepliktige soldatar og verva personell samt administrasjon- og mekling av kurs for samme personellgrupper.
Næraste overordna er rektor.

Kvalifikasjoner
Utdanning frå universitet eller høgskole, minimum tilsvarande bachelorgrad, med formell pedagogisk utdanning eller utdanning innan karriererettleiing.
Det krevjes minimum 3 års erfaring frå undervisning eller karriererettleiing.

Det er ønskeleg med praksis frå arbeid med vaksen ungdom, god kjennskap til ulike utdanningar i det sivile skoleverket, erfaring frå og kjennskap til Forsvaret som organisasjon og god digital kompetanse. Det er også ønskeleg med erfaring frå administrativt arbeid og noko merkantil kompetanse.
Søkarar må kunne tryggleiksklarerast for avgrensa.

Personlige egenskaper
Søkaren må vere villig til å gjennomgå vidare utdanning/kurs innan relevante saksområde.
Vi legg vekt på fleksibilitet, serviceinnstilling og gode samarbeidsevner.

Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.

Vi tilbyr
Lønn for stillinga etter Statens lønnsregulativ i lønnsramme som undervisningsinspektør kode 1187 med lønnsplassering i ltr. 58-65 (p.t kr 492 300 - 560 700 brutto per år) ut frå kvalifikasjonar.
Det trekkes 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.

SLIK SØKER DU
Søknadsfrist: 30.11.2015
Søknaden merkes: 024-15

Søk via elektronisk søknadsskjema.
For at søkarlistene skal vere korrekte, må søkarskjema vere komplett utfylt. Kopiar av vitnemål og attestar legges ved søknaden elektronisk.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfoldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og kvinner oppmodes til å søke. Som IA-verksemd legg Forsvaret vekt på å leggje til rette arbeidsforholda for personar med redusert funksjonsevne.

Om arbeidsgiveren

Forsvarets høgskole er ein akkreditert høgskole som blant anna tilbyr mastergrad i militære studier, og har ansvar for høgre utdanning i Forsvaret.
Kjerneområda for FHS er undervisning, forsking og utvikling, og formidling.
FHS er organisert i avdelingane Forsvarets stabsskole, FHS Sjefskurs, Institutt for forsvarsstudiar, Noregs idrettshøgskole/Forsvarets institutt og Forsvarets kompetanse- og utdanningssenter.

Sektor
Offentlig
Sted
Arbeidssted: Setermoen leir, 9365 Bardu
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Forsvar og militær,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon,
Militært personell,
Undervisning og pedagogikk / Veileder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Erlend Kroken
Stillingstittel
Rektor
Telefon
77 89 71 70
97 04 90 39
Følg firma
13123 følger dette firmaet

Arbeidssted: Setermoen leir, 9365 Bardu

Annonseinformasjon

FINN-kode 66495072
Sist endret 29. okt. 2015 13:11

Rapporter annonse