Utløpt

Miljøterapeut / miljøarbeidar - 2 stillingar som kvilande nattevakt

Arbeidsgiver
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Stillingstittel
Miljøterapeut / miljøarbeider (kvilande natt) - fast 50 %
Frist
30.09.2015
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet)

Ved Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet på Nordfjordeid er det ledig 2 faste stillingar som miljøterapeut/ miljøarbeidar i ca. 40 - 50 % stilling frå dags dato. Stillingane inneber p.t. 3-delt turnus med vekt på kvilande nattevakter og arbeid kvar 2. helg. 

Kvilande nattevakter vert lønna med 1/3 timelønn i tidsrommet 0000-0600.

Vi har sidan 2011 arbeid med eit kvalitetsprosjekt saman med dei andre institusjonane i Sogn og Fjordane, der målsettinga er å ha god kvalitet i tenestene våre. Vi nyttar modellen Målstyrt miljøterapi, jamfør rapport om kvalitet i barnevernsinstitusjonar.

Arbeidsoppgåver / ansvarsområde

  • Målretta miljøterapeutisk arbeid
  • Praktiske oppgåver rundt ungdommane og i avdelinga
  • Rapportskriving og annen skriftlig dokumentasjon
  • Motivere og engasjere ungdomane i positive aktiviteter
  • Møteverksemd
  • Arbeidsvilkår elles: turnusarbeid p.t. med vekt på kvilande nattvakt og helg.

Kvalifikasjonar

  • For tilsetjing som miljøterapeut krev ein treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleier.
  • For tilsetjing som miljøarbeidar ynskjer ein relevant kompetanse, som til dømes fagbrev i barne- og ungdomsarbeid, og eller anna relevant utdanning og erfaring.
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon eller liknande, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av IT-verktøy.
  • Førarkort for personbil.

Kven søker vi

Vi søker deg som har evne til å ta ansvar, er sjølvstendig, trygg i vaksenrolla og som kan ivareta ungdomane og deira behov og samtidig oppretthalde ein god struktur og eit fagleg perspektiv. Du er fleksibel og trivast med store utfordringar og endringsarbeid, og du har evne til hurtig omstilling. For deg er brukarmedverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønnsregulativ som kode 1489 miljøterapeut, 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog eller 1508 vernepleiar i LR 15, alt. 1-18, ltr. 36-55 (pt kr. 351 900 - 467 700 pr. år), eller som kode 1486 miljøarbeidar, LR 04, alt. 1-16, ltr. 20-40 (kr. 290 400-370 500 pr. år). Avlønning og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse jf. Lov om Statens Pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Arbeid på ein institusjon i fagleg utvikling.
  • Ein variert kvardag i eit godt arbeidsmiljø.

Generelle opplysningar

  • Staten legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke - uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Bufetat har som et personalpolitisk mål å oppnå en balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personer med fleirkulturell bakgrunn.
  • Stillingane er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet.
  • Politiattest vert kravd framlagt ved tiltreding, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Bufetat er en IA (Inkluderande arbeidsliv) -verksemd.
  • Vi gjør oppmerksam på at opplysningar om søkaren kan bli gjort offentlige sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentlig verksemd (offentleglova), § 25.
  • Vi tek atterhald om fortrinnsrett til stillingane blir nytta, grunna omstilling i Bufetat.

Kontaktperson for stillinga

Avdelingsleiar Bjørg Melheim tlf 4661 8823.

Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstørrelse og varighet skal tas med til et ev. intervju.

Søknadsfrist: 30.09. 2015

Om arbeidsgiveren

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.




Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.


 


Sogn og Fjordane ungdomssenter er ei institusjonseining for barn og unge i alderen 12 - 18 år(20 år) som treng eit mellombels institusjonsopphald eller ein statleg familieheim. Eininga er organisert i 2 institusjonsavdelingar, Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid. Sogn og Fjordane ungdomssenter har og eiga avdeling for familieheimar.


Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet på Nordfjordeid, har 4 plassar for ungdom. Institusjonen ligg sentralt på eit Nordfjordeid på eit lite garsbruk med dyr.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Arbeidssted: Eid Sophus Lie-vegen 9, 6770 Nordfjordeid
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sosionom
Følg firma
1668 følger dette firmaet

Arbeidssted: Eid Sophus Lie-vegen 9, 6770 Nordfjordeid

Annonseinformasjon

FINN-kode 64447784
Sist endret 16. sep. 2015 13:43

Rapporter annonse