Utløpt

Produksjons- og målstyringsansvarleg

Arbeidsgiver
Statens vegvesen Region vest
Stillingstittel
Produksjons- og målstyringsansvarleg
Frist
15.08.2017
Ansettelsesform
Fast

Trafikant- og køyretøyavdelinga (TK) består av regionale fagseksjonar, der TK Fagseksjon har ansvar for oppgåver av ein meir regional og nasjonal karakter.

I TK Fagseksjonen er det 15 medarbeidarar, som har ansvar for oppfølging av avdelingas produksjon og målstyring, Nasjonal transportløyve, Kvalitet og HMS, Trafikksikkerheitsarbeid og Krim. Seksjonen jobbar med større faglige utredningar og prosjekter og er i stor grad i kontakt mot andre einingar internt.

Kontorstad fortrinnsvis i Bergen.

TK Fagseksjon arbeider på tvers av heile regionen og stillinga innebere noko reiseaktivitet.

Stillingas ansvarsområder

Vere regional prosesseigar for avdelingas:   

  • målstyring og indikatorutvikling/styring
  • produksjonsplanlegging og -oppfølging
  • rapportering månads og tertial rapportering
  • kontrollere oppfølging av resultatavtaler 
  • koordinere avdelingas budsjett og økonomiarbeid i tett samarbeid med økonomiavdelinga

Stillinga vil ha hovudvekt på produksjonsoppfølging og målstyring, og i tillegg arbeide med avdelingas effektiviseringsprosesser og forbedringstiltak

Dette ynskjer vi oss

I Statens vegvesen ynskjer vi å vere profesjonelle, framtidsretta og inkluderande.

Som tilsett er det viktig at du: 

  • kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke
  • jobbar målretta for at Statens vegvesen skal vere imøtekommande, ha omtanke for omgjevnadane og vere tilgjengeleg

Kvalifikasjonskrav

Det er ønskelig med høgare utdanning på masternivå, og minimum bachelor, innan planlegging, administrasjon eller økonomi. Erfaring frå målstyring og arbeid med planlegging vil bli vektlagt

For kandidatar med dokumentert allsidig erfaring frå dei aktuelle fagområda, eventuell etterutdanning og gode personlige føresetnader for stillinga, kan kravet til formell utdanning avvikas.

Personlige eigenskaper som vil bli vektlagt 

  • initiativrik og løysingsorientert
  • god til å samhandle og kommuniserer med andre, både skriftleg og munnleg
  • handle- og gjennomføringskraft

Dersom du har tatt heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av dine papir og ei godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no).

Stort engasjement, gode strukturar og fagleg utvikling

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsretta løysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar.

Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.

Vi tilbyr òg desse goda 

  • introduksjonsprogram og fadderordning
  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • pensjonsordning og høve til å få lån i Statens pensjonskasse
  • etatsskolar og høve til fagleg påfyll

Lønna blir avtalt nærare i samsvar med lønnspolitikken vår. 

Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi legg vekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.

Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord,  sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen arbeider for at både gåande, syklande, køyrande og kollektivreisande skal komme trygt fram. Vi planlegg, bygger, drifter og vedlikeheld riks- og fylkesvegar og har tilsyn med køyretøy og trafikantar. Som vegadministrasjon for fylkeskommunane og staten yter vi fagleg grunnlag for politiske avgjerder og set dei ut i livet. Vi er ein stor samfunnsaktør med over 7600 engasjerte medarbeidarar med brei kompetanse fordelt på Vegdirektoratet og fem regionar.

Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen 4, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Produksjon,
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tom Gullachsen
Telefon
96 23 69 22
Følg firma
446 følger dette firmaet

Askedalen 4, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 99763387
Sist endret 24. jul. 2017 15:22

Rapporter annonse