Utløpt

Psykiatrisk sjukepleiar/ vernepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) / Psykosepoliklinikken
Stillingstittel
Psykiatrisk sjukepleiar/ vernepleiar
Frist
19.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) er eit vaksenpsykiatrisk lokalsjukehus for bydelane Årstad, Bergenhus og Ytrebygda i Bergen kommune og har ansvar for ca. 90.000 menneske over 18 år. Kronstad DPS er lokalisert i eit nytt og moderne bygg på Danmarksplass.

Psykosepoliklinikken tilbyr spesialisthelsetenester til personar som har ei psykoseliding. Som ein av dei første i landet har vi organisert poliklinikken i to team som arbeider etter FACT-modellen. FACT står for Flexible Assertive Community Treatment , og kan omsettast til fleksibelt, aktivt og oppsøkande behandlingsteam. Vi har både poliklinisk og oppsøkjande behandling av pasientar. I kritiske fasar kan eit FACT-team tilby tettare oppfølging for å kunne førebyggje kriser, hindre at pasienten må innleggjast og bidra til å stabilisere ein vanskeleg situasjon.

Poliklinikken har eit godt, veletablert og fleirfagleg arbeidsmiljø som består av overlegar/psykiatrar, psykologar/psykologspesialistar, psykiatriske sjukepleiarar/vernepleiarar, erfaringskonsulentar, ergoterapeut, sosionomar og jobbspesialistar. Vi har no ledig ei fast 100% stilling, og søkjer etter ein psykiatrisk sjukepleiar/vernepleiar som vil vere med på å ivareta og vidareutvikle tilbodet til pasientgruppa.

Arbeidsoppgåver

  • Poliklinisk og ambulant, utretta behandling og rehabiliteringsarbeid av vaksne pasientar med alvorleg psykisk liding
  • Behandleransvar og kartleggingsoppgåver
  • Pasientoppfølging og miljøterapi etter FACT-modellen
  • Utstrakt grad av oppsøkjande verksemd og arbeid i tverrfagleg team
  • Samhandling med kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
  • Arbeidet er hovudsakleg på dagtid, men noko arbeid om ettermiddag og kveld må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgskule (sjukepleiar/vernepleiar)
  • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid og/eller rus
  • Ønskjeleg med kunnskap og kompetanse innan kognitiv terapi og recovery-orientert behandling
  • Brei klinisk erfaring frå psykiatri/rus og arbeid med målgruppa i spesialisthelsetenesta og/eller det kommunale tenesteapparatet - særleg oppsøkjande arbeid
  • Ønskjeleg med erfaring frå somatikk
  • Søkjar må ha norsk autorisasjon og førarkort kl. B.

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleie
  • Vernepleie

Eigenskapar

  • Du er motivert, fleksibel, interessert og har respekt og engasjement for pasientar med psykoselidingar
  • Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert, ansvarsfull og taklar stressande situasjonar med tryggleik og fagleg haldning
  • Du har særs gode evner til kontaktetablering og er nettverkskyndig
  • Du har tolmod, evne til å jobbe langsiktig og har god arbeidskapasitet
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkjar er personleg skikka til stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar
  • Gode høve til personleg og fagleg utvikling
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Alf Georg Opheim Sørensen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
90 54 62 20
Kontaktperson
Leila Hodali
Stillingstittel
Seksjonsoverlege
Telefon
55 95 60 00
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Fjøsangerveien 36, 5054 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 124200937
Sist endret 10. jul. 2018 10:57

Rapporter annonse