Utløpt

Psykiater til FACT-team Askøy kommune

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege, spesialist i psykiatri
Frist
12.08.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Det er ledig stilling som psykiater i 40% stilling ved FACT-team i Askøy kommune. Fact-teamet er eit samarbeid mellom Askøy kommune og Øyane DPS. Tilsettingsforholdet vert til Øyane DPS.

Øyane DPS er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus og er lokalisert i flotte nye lokale på Straume, om lag 15 minuttars køyring frå sentrum av Bergen.

DPSet består av:
. Allmennpsykiatrisk poliklinikk
. Allmenndøgnseksjon med 12 senger
. Psykose døgnseksjon med 6 senger og 2 treningsleilegheiter
. Psykose poliklinikk

Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Askøy kommune er en utviklingsorientert vekstkommune med ca. 29.000 innbyggjarar. Fact-team er knytt til Rus- og psykisk helseteneste, ein fagavdeling under Individ og levekår. Avdelinga har fagleg forankring knytt mot Recovery tenking og kognitiv terapi, og medråderett med vekt på pasientanes eigen moglegheit til å influere på tenestane dei mottar. Medarbeidarane må forhalde seg til brukarar med rus og/eller psykiske helseutfordringar. Avdelinga mottar tilskot frå Fylkesmannen. Dette har gitt høve til etablering av Fact-team. Det består av 11 årsverk inkludert 20 % stilling for lege. Det er og tilsett erfaringskonsulentar.

Fact-team har behov for psykiater. Samarbeidet om denne stillinga vil sikre dei gode overgangane mellom kommune og spesialisthelsetenesta. Den tilsette vil få arbeidsstad både hjå avdeling Rus og psykiske helse på Juvikflaten, Askøy og ved Øyane DPS, men vil houdsakleg vere på Juvikflaten.

Arbeidsoppgåver

  • Få frem brukarynskjer og -perspektiv
  • Bidra til utforming av behandlingsplan
  • Motivering for behandling
  • Individuell oppfølging
  • Gruppebehandling/psykoedukasjon i gruppe
  • Samhandling med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Heimebesøk
  • Pårørandearbeid
  • Akuttvurdering i samarbeid med innlegging og utskriving
  • Rettleiing av teamets medarbeidarar
  • Samarbeidsmøte

Kvalifikasjonar

  • Spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Utdanning

  • Medisin
  • Profesjonsstudium
  • Psykiater

Eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Kunne stå i utfordrande oppfølgingssaker
  • Initiativrik

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 40%
  • Høve til å vere med å utvikle Fact-team i eit samarbeid mellom kommune og spesialisthelseteneste.
  • Gode pensjonsordningar. Frå bruttolønn trekkast 2% til pensjonsinnskot.
  • Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 75, 5353 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Psykiater

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anne Seim Grønningsæter
Stillingstittel
Ass. klinikkdirektør
Telefon
90 77 89 43
Kontaktperson
Ine Sture
Stillingstittel
Leiar rus- og psykisk helseteneste, Askøy kommune
Telefon
97 05 18 62
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Blombakkane 75, 5353 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 123861494
Sist endret 4. jul. 2018 13:45

Rapporter annonse