Utløpt

Ein 100% fast stilling og eit vikariat i 100% for sjukepleiar ved Seksjon for alderspsykiatri

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Ein 100% fast stilling og eit vikariat i 100% for sjukepleiar ved Seksjon for alderspsykiatri
Frist
29.07.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Seksjon for alderspsykiatri er ein del av Psykiatrisk Klinikk og har midlertidig beliggenhet i det nye Barne- og ungdomssjukehuset/BUS. Seksjonen behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år.

Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologisk, psykologisk eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand, ofte med organiske årsaker. Vi tar også imot pasientar med uavklart kognitiv svikt med psykiatriske tilleggssymptom, paranoide tilstandar og andre funksjonelle lidingar.

Seksjonen er i dag ei open døgneining. Seksjonen har 12 sengeplassar totalt. Seksjonen har også ein poliklinikk med ambulante tenester.

Seksjonen har ledig ein 100% fast stilling og eit vikariat i 100% stilling t.o.m 31.12.2018 for sjukepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning, med arbeid pt. i todelt turnus og kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging i forhold til utgreiing, observasjon og behandling
  • Sjukepleiefaglege oppgåver knytta til dagleg drift
  • Kognitiv testing i samarbeid med eit tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå
  • Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Ønskjeleg med minimum eit års erfaring innan psykiatrisk og/eller geriatrisk/somatisk sjukepleie
  • Engasjement og interesse for å jobbe med eldre mennesker
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon

Utdanning

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Sjukepleiar/Sjukepleiar med spesialutdanning, norsk autorisasjon
  • Sjukepleie
  • Sjukepleie videreutdanning

Eigenskapar

  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust av din kompetanse
  • Du søkjer aktivt råd og rettleiing og kjenner eigen kompetansegrense
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit godt og inkludarende kollegie
  • Moglegheit for oppbygging av spesialisert fagkompetanse
  • Undervisning og rettleiing
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jorunn Møen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 45 82
Følg firma
2251 følger dette firmaet

Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 123850804
Sist endret 4. jul. 2018 10:57

Rapporter annonse