Seksjonsleiar ambulante tenester
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen - Avdeling for rusmedisin
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar ambulante tenester
- Frist
- 26.08.2018
- Ansettelsesform
- Fast
Poliklinikkane har hatt eigne team for ambulerande verksemd. AFR vil no styrkje denne tenesta gjennom å opprette ny Seksjon for ambulante tenester. Den nye seksjonen skal stå sentralt i avdelinga si satsing på fleksible og ambulante tenester. Det er ønskelig at seksjonsleiar skal være i førarsetet for denne utviklinga, gjennom oppbygging av ein helt ny seksjon, differensiering og klargjering av oppgåver og kliniske målsettingar, kompetansebygging og utvikling av nye samarbeidsarenaer og -formar.
I stillinga vil du få varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar. Du vil vidare vere med på å utforme det framtidige innhaldet i eininga, din eigen stilling og arbeidsdag.
Tiltreding i stillinga så snart som mogeleg. Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør i AFR og inngår i leiargruppa i AFR.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga innehar fagleg ansvar for tenesta, samt personal- og økonomiansvar. Seksjonsleiar skal sjå til at dei samla ressursane blir nytta til det beste for pasientane.
- Sentral arbeidsoppgåve vil vere å byggje opp seksjonen. Her inngår mellom anna:
- Definere målgrupper som er i behov for ambulante tenester
- Differensiere og klargjere klinisk målsettingar og oppgåver
- Utvikle det faglege innhaldet i tilbodet
- Bygge kompetanse i seksjonen
- Vidareutvikle samarbeidsarenaer med fyrstelinja, samt mot somatiske einingar og psykisk helsevern i HUS
- Undervisnings- og informasjonsarbeid om tilbodet
- Utvikle/ta i bruk system for ivaretaking av logistikkutfordringar, lovverk og rammer for spesialisthelsetenesta
- Dokumentasjon og evaluering av verksemda
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg at du har erfaring og kompetanse innanfor eit eller fleire av desse områda:
- Kliniske vurderingar av menneske med alvorlege ruslidingar og alvorlege psykiske lidingar
- Fagutvikling, undervising og kompetanseutvikling
- Utviklingsarbeid både i høve til organisatoriske tilhøve og tenesteinnhald
- Leiing av eining innan spesialisthelsetenesta
- Klinisk erfaring med pasientar med sjølvmords- og valdsproblematikk, LAR- og ROP-pasientar
- Du må ha utdanning innan psykologi, medisin, sjukepleie, sosialt arbeid eller vernepleie.
Utdanning
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
- Profesjonsstudium
Eigenskapar
- Vi søkjer etter deg som:
- har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- er resultatorientert
- har gode samarbeidsevner og er initiativrik
- er god til å kommunisere og har evne til å motivere, observere og lytte
- kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
- har god systemforståing
- har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa
- er opptatt av forbetring av tenestene
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt, triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Lederkategori
- Leder
- Sted
- Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Lege,
- Helsepersonell / Psykolog,
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
- Sykepleier,
- Sosionom
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Else-Marie Løberg
- Stillingstittel
- Avdeling for rusmedisin
- Telefon
- 98 09 44 20
- Kontaktperson
- Christian Ohldieck
- Stillingstittel
- Assisterande avdelingsdirektør
- Telefon
- 47 31 84 19
Følg firma
2257 følger dette firmaet
Østre Murallmenningen 7, 5012 Bergen