Kvalitetskontrolleiar (QC) - Klinisk Stamcelle fasilitet
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Kvalitetskontrolleiar (QC) - Klinisk Stamcelle fasilitet
- Frist
- 20.05.2018
- Ansettelsesform
- Fast
For å få ferdigstilt reinroms fasiliteten med tilverkarløyve og GMP sertifikat søkjer vi no etter ein kvalitetskontrolleiar. Det vil samtidig bli lyst ut stilling som produksjonsleiar og kvalifisert person, QP. Desse tre vil arbeide saman som eit team for å etablere og drifte GMP-fasiliteten.
Arbeidsoppgåver
- QC-leiaren sine arbeidsoppgåver er krevjande og eit svært viktig ledd for å godkjenne produktet til humant bruk. QC- leiar deltek i analysearbeidet av produkta saman med QC-operatør(ar). Når talet operatørar aukar deltek QC-leiar mindre i laboratoriearbeidet, men ofte nok til å vere kvalifisert til å utføre oppgåvene. Oppgåvene til QC-leiar er utfyllande beskrive i EU-GMP veileder kapittel 2.8, men kort oppsummert:
- Godkjenne eller avvise råmateriale, emballasje, mellombels- og ferdige produkt.
- Evaluere produksjonsbatcher med tilhøyrande protokollar.
- Å utføre og/eller sikre at alle nødvendige testar er utført i henhald til dei rette protokollane.
- Godkjenne spesifikasjonar, prøvetakingsprosedyrar, testmetodar og andre kvalitetskontrollrutinar.
- Godkjenne og monitorere kontraktsanalysar med samarbeidslaboratorium.
- Sikring av kvalifisering og vedlikehald av seksjonen/avdelinga, fasilitetens lokale og utstyr nødvendig for kvalitetstesting.
- Sikre at dei nødvendige valideringar vert utført.
- Sikre at den nødvendige grunn- og videreopplæring av alt personell som utfører kvalitetstestar vert gjort, og tilpassa etter behov.
- Utføre miljøtester i fasiliteten, for eksempel mikrobiell testing; eller sikre at slike tester vert utført/analysert ein annan stad.
- Den som vert tilsett som Kvalitetskontrolleiar, QC, vil også ta del i kvalitetsleiars oppgåver, som beskrevet i EU-GMP kapittel 2.9, inkludert, men ikkje avgrensa til forvalting av kontinuerleg forbetringssystem, system for korrigerande og forebyggjande tiltakssystem (CAPA), av dokumentstyringssystem, valideringssystem, GMP opplæring og trening for tilsette, lage SOPar, m.m..
Kvalifikasjonar
- Inngåande erfaring med cellekultur, isolering and kultur av mesenchymale, hematopoietiske eller andre stamceller, fortrinnsvis humane gjerne med tanke på klinisk bruk.
- Relevante kurs og vidareutdanning gjerne innan stamcelle- og regenerativ medisin i GMP kontekst.
- Erfaring frå ein GMP-godkjend cellekultur-fasilitet er ein fordel.
- Kjennskap til GMP-regelverket
- Kunne uttrykkje seg på eit skandinavisk språk er viktig då det meste av SOP'ar og dokumentasjon vil vere på norsk.
- Meistre engelsk skriftleg og munnleg.
Utdanning
- Bioingeniørfag
- Biologi
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Laboratoriefag
- Medisin
- Odontologi
Eigenskapar
- Den som vert tilsett som QC må:
- Vere motivert
- Kunne jobbe sjølvstendig og samarbeide i team.
- Kunne kommunisere godt både skriftleg og munnleg.
- Vere nøye og problemløysande innanfor GMP-regelverket.
- Vere ein motivasjonskraft med entusiasme for produksjon av cellemateriale til bruk i avansert medisinsk terapeutiske behandlingar.
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- Fast stilling
- Stillingsbrøk: 100% stilling
- Delta i utviklinga av nye behandlingsmetodar innan avansert medisinsk celleterapi.
- Godt arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktig pensjonsordning og gode forsikringsordningar
- Løn i henhold til kompetanse og erfaring
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Bioingeniør,
- Helsepersonell / Tannhelse,
- Biolog,
- Lege / Laboratoriemedisin
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Einar Klæboe Kristoffersen
- Stillingstittel
- Avdelingssjef
- Telefon
- 55 97 46 83
- Kontaktperson
- Ann Cathrine Kroksveen
- Stillingstittel
- Leiar Biobank Haukeland
- Telefon
- 55 97 19 70
Følg firma
2250 følger dette firmaet
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen