Vil du jobbe på en spennende, faglig utfordrende post med både sengepost og overvåkning?
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/Spesialsjukepleiar. 100% fast ved Lungeavdelinga i kombinasjon med Bemanningssenteret
- Frist
- Snarast
- Ansettelsesform
- Fast
Lungeavdelinga har i kombinasjon med Bemanningssenteret i føretaket ledig fast stilling i 100% som sjukepleiar/spesialsjukepleiar. 80% av stillinga er knytt til Lungeavdelinga medan 20% er knytt til Bemanningssenteret. Stillinga ved Lungeavdelinga har Årsarbeidsplan, 3-delt turnus, med mogleg individuell tilpassing. Arbeid pt. kvar 3. helg.
Lungeavdelinga har to sengepostar. Post 1 har totalt 16 sengeplassar fordelt på to grupper; 8 overvakingssenger ved respiratorisk overvakingseining (ROE) og 8 lungemedisinske senger. Vi har hovudgruppa av pasientar har KOLS, respirasjonssvikt og infeksjonssjukdomar.
Vi behandlar pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt med non-invasiv eller invasiv ventilasjonsstøtte. Her får ein som sjukepleiar møte kritisk sjuke pasientar (bl.a maskebehandling med BiPAP, respiratoravvenning hos pasientar med tracheostomi og respiratorisk palliasjon).
ROE skal vere leiande innan utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med akutt og kronisk respirasjonssvikt. Vi samarbeider med andre avdelingar på HUS og andre sjukehus i Noreg, samt primærhelsetenesta om ansvar og oppfølging av pasientar med kronisk respirasjonssvikt og pasientar med heimerespiratorbehandling.
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt interne bemanningsbyrå. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar ved sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Ved arbeid i Bemanningssenteret kan du påverke arbeidsplanen din, og den blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga. Ved ekstrabehov ved avdelinga vil du arbeide dei fleste av vaktene her.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er varierte.
- Sjukepleiefaglege oppgåver og oppfølging av pasientar og pårørande
- Sjukepleie til pasientar med behov for mekanisk respirasjonsstøtte
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med spesialutdanning/ lungesjukepleiar
- Vi ønskjer deg som har erfaring med lungepasientar, eller ønskjer auka kunnskap om lungepasientar
- Vi ønskjer ein sjukepleiar med overvakningskompetanse.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Utdanning
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Sjukepleiar/ Spesialsjukepleiar
Språk
- Norsk
Eigenskapar
- Vi ønskjer oss engasjerte medarbeidarar som søkjer faglege utfordringar og har interesse innan feltet lungesjukdom
- Ønskjer deg som er løysingsorientert, med evne til å jobbe sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
- Godt humør og ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 100%
- God opplæring og rettleiing av nytilsette
- Internundervising
- Fagleg høgt nivå.
- Fagleg og personleg utvikling. (overvakingskompetanse programmet)
- Vi legg til rette for at tilsetje kan ta relevant vidareutdanning (Lungevidareutdanning)
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø!
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Mari Pedersen
- Stillingstittel
- Seksjonsleder
- Telefon
- 55 97 35 52
- Kontaktperson
- Linda Greve Iversen
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar Helsepersonell, Bemanningssenteret
- Telefon
- 97 19 86 64
Følg firma
2257 følger dette firmaet
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen