Utløpt

Koordinator, 100% engasjement i 2 år med mogleg forlenging

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Nasjonal kompetanseteneste for Gastroenterologisk Ultralyd
Frist
20.04.2018
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Nasjonal Kompetanseteneste for Gastroenterologisk Ultralyd (NSGU) er eit landsdekkjande tilbod i spesialisthelsetenesta. NSGU har som mål å auke kompetanse og bruk av ultralyd i gastroenterologiske miljø i Noreg. NSGU vart etablert i 2002 og har i dag 8 tilsette i deltidsstillingar. I tillegg kjem 14 doktorgradsstipendiatar, 4 post-doc'ar og 4 forskarlinestudentar (www.helse-bergen.no/NSGU).

Den nasjonale tenesta har som oppgåve å byggje opp og spreie kompetanse til helsepersonell, særleg spesialistar i fordøyelsessjukdomar og indremedisin, om bruk av ultralyd ved undersøking og diagnostisering av pasientar med sjukdomar i fordøyelsesorgan. Kompetansetenesta driv informasjonsspreiing, undervising og kurs for legar, samt gjev råd og rettleiing til helsepersonell om bruk av utstyr. Tenesta skal bidra til at det vert etablert eit fagmiljø for gastroenterologisk ultralyd i alle helseregionar slik at desse etter kvart kan ivareta kompetanseutvikling på dette fagområdet sjølv. NSGU driv ikkje primært pasientbehandling, og er tydeleg avgrensa mot andre bildemodalitetar som MR, CT og PET, samt muskel/skjellet, mamma, GYN og laparoskopisk ultralyd. NSGU er akkreditert som eit internasjonalt opplæringssenter Ultrasound Learning Center Bergen under den Europeiske ultralydforeningen (EFSUMB).

Kompetansetenesta er forankra ved gastroenterologisk seksjon, Medisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Vi lyser ut ein 100% stilling, med 2 års varigheit med mogleg forlenging. Tiltreding så snart som mogleg etter 1. juni 2018.

Arbeidsoppgåver

  • Kandidaten vil ha ansvar for kompetansetenestas daglege drift og rapporterer til senterleiar.
  • Arbeidsoppgåver tilknytta stillinga:
  • - Koordinere arrangering av intern og ekstern kursverksemd innan gastroenterologisk ultralyd, samt hospitering frå både inn -og utland
  • - Ha oversikt over forskingsverksemd
  • - Koordinere arrangement som konferansar og seminarar
  • - Organisere og arrangere styre -og referansegruppemøte
  • - Gjennomføre rapportering til Helsedirektoratet
  • - Delta ved nasjonale og internasjonale ultralydkonferansar for fagleg utvikling
  • - Nettverksarbeid retta mot helsepersonell og forskarar ved norske sjukehus, samt nasjonale og internasjonale ultralydforeiningar og forskingsmiljø
  • - Delvis personal- og økonomiansvar, bestillingar og innkjøp

Kvalifikasjonar

  • Erfaring og/eller interesse innan undervising, kompetanseheving og opplæring
  • Erfaring i kvalitets- og forbetringsarbeid
  • Kunnskap om spesialisthelsetenesta
  • Forskingskompetanse eller erfaring
  • Den som vert tilsett må kunne meistre norsk og engelske skriftleg og munnleg

Utdanning

  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Høgskule/universitet, doktorgrad

Språk

  • Engelsk
  • Norsk

Eigenskapar

  • Personlege eigenskapar og egnethet blir lagt stor vekt på. Til stillinga ønskjer vi ein person som er initiativrik og arbeider sjølvstendig. Kandidaten må kunne arbeide strukturert, grundig og systematisk og ha særs gode kommunikasjon- og samarbeidsevner på tvers av faggrenser. Kandidaten vil i fleire samanhengar representere tenesta utad, og nettverksarbeid står sentralt. Eigenskapar som gjennomføringsevne og fleksibilitet som bidrar til gode løysingar er ønskjeleg. Det er formålstenleg at kandidaten har ein helsefagleg bakgrunn, kunnskap om spesialisthelsetenesta, interesse for indremedisin, gastroenterologi og forsking, men vi er og opne for andre yrkesgrupper. Det kan forekomme litt reising i periodar.

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Stillingsbrøk: 100%
  • Ein unik moglegheit for å vere med på å utvikle og følgje opp morgondagens helseteneste i eit variert og spennande fagmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Fagleg inspirerande og utviklande arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege,
Helsepersonell,
Koordinering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Birgitte Berentsen
Stillingstittel
Koordinator
Telefon
55 97 29 99
91 54 51 59
Kontaktperson
Odd Helge Gilja
Stillingstittel
Senterleiar
Telefon
55 97 21 33
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 116327034
Sist endret 20. mar. 2018 15:25

Rapporter annonse