Utløpt

Avdelingssjef

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Avdeling for klinisk ernæring
Stillingstittel
Avdelingssjef
Frist
01.02.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Det er ledig fast stilling som avdelingssjef for Avdeling for klinisk ernæring ved Haukeland universitetssjukehus i Helse Bergen. Helseføretaket har stort fokus på ernæring og har ein aktiv ernæringsstrategi. Dei kliniske ernæringsfysiologane har ei sentral rolle i arbeidet med å auke ernæringskompetansen og forbetre kvaliteten på ernæringsarbeidet i føretaket.

Avdeling for klinisk ernæring er organisert under Medisinsk avdeling, men yter tenester for heile Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga, som har tretten faste stillingar for kliniske ernæringsfysiologar, tek imot tilvisingar frå alle dei kliniske avdelingane og samarbeider tett med fleire av desse. Det er og eit nært samarbeid med Universitetet i Bergen knytt til forsking og utdanning. Avdelingssjef rapporterer til avdelingsdirektør og inngår i felles leiargruppe i Medisinsk avdeling.

Avdelinga tilbyr medisinsk ernæringsbehandling og rettleiing til både innlagde og polikliniske pasientar, bidreg til opplæring av pasientar og pårørande, driv forsking og fagutvikling, samt undervising og rettleiing av helsepersonell og studentar. Dei kliniske ernæringsfysiologane har ulike ansvarsomåde knytt til dei kliniske spesialistområda.

Arbeidsoppgåver

  • Ivaretaking av administrative og faglege oppgåver i samsvar med fullmakt, gjeldande styringsvedtak, lover, forskrifter og retningslinjer i sjukehuset
  • Personalansvar for dei tilsette i avdelinga, herunder ansvar for rekruttering, arbeidsmiljø, fråværsoppfølging og kompetanseutvikling
  • Budsjett- og økonomiansvar
  • Ansvar for fagutvikling, forskingsaktivtet og kvalitetssikring av tenestene i avdelinga
  • Medverking til godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert klinisk ernæringsfysiolog
  • Generell organsasjonsforståing og god kjennskap til fagområdet
  • God munnleg og skriftleg meistring av norsk språk
  • Naudsynt kompetanse i bruk av IKT-verktøy
  • Leiarerfaring inkludert personal- og økonomiansvar, evt. prosjekterfaring blir vektlagt
  • Relevant vidare-/leiarutdanning samt annan akademisk meritt vil og bli verdsett

Utdanning

  • Ernæring
  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
  • Klinisk ernæringsfysiolog

Eigenskapar

  • Vi søkjer ansvarsbevisst og målretta person med gode leiareigenskapar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner som kan få fram det beste hjå medarbeidarane
  • Evne til planlegging og sjølvstendige beslutningar, men og fleksibilitet og lojalitet til fellesskapen når det trengs
  • Godt humør, faglege ambisjonar og evne til nytenking er andre gode eigenskapar i stillinga

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Spennande leiaroppgåve i eit miljø med høge kvalitetskrav og god kompetanse
  • Faglege utfordringar knytt til oppgåvene i spesialisthelsetenesta
  • Personalmessig oppfølging, rådgjeving og tilbod om kompetansebygging
  • Adminstrativ støtte frå eit godt utbygd stabsstøtteapparat ved sjukehuset
  • Konkurransedyktig pensjonsordning
  • Løn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Ernæringsfysiolog,
Ledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lars Birger Nesje
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
95 89 04 17
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 111962083
Sist endret 15. jan. 2018 12:09

Rapporter annonse