Utløpt

Seksjonsleiar ved Seksjon for kromatografiske analysar og massespektrometri

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Hormonlaboratoriet
Stillingstittel
Seksjonsleiar ved Seksjon for kromatografiske analysar og massespektrometri
Frist
26.01.2018
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ved avdelinga har vi ledig stilling som seksjonsleiar for Seksjon for kromatografiske analysar og massespektrometri.

Hormonlaboratoriet er eit spesiallaboratorium for hormonanalysar og er eit av i alt seks laboratorium organisert i Laboratorieklinikken. Vi utfører om lag 300.000 hormonanalysar i året og har i tillegg det medisinsk faglege ansvaret for om lag 400.000 hormonprøvar analysert ved Laboratorium for klinisk biokjemi.

Avdelinga har to seksjonar for rutineverksemd, Seksjon for kromatografiske analysar og massespektrometri og Seksjon for automat og spesialanalysar og held til i lyse og trivelege lokale i 8. etasje i Laboratoriebygget. I tillegg har vi ein Seksjon for Forsking og utvikling (FoU).

Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår og vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka. Vi er i ein akkrediteringsprosess der dei tilsette er viktige medspelarar og bidragsytarar. Ein må vere merksam på avdelinga sin visjon, målsetjing og kvalitetsystem og ha desse som rettesnor for det daglege arbeidet.

For meir informasjon om avdelinga, sjå våre heimesider
Hormonlaboratoriet

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den daglege drifta ved seksjonen
  • Personalansvar
  • Utarbeide og følgje opp seksjonsbudsjett i samråd med driftsleiar
  • Ha ansvar for seksjonen si avvikshandtering
  • Ivareta utforming og oppdatering av prosedyrar
  • Se til at seksjonen er oppdatert innan sitt eige fagområde
  • Delta i dagleg rutine
  • Prøvetaking

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må ha gode IKT-kunnskapar
  • Det vil bli lagt vekt på leiarerfaring
  • Det er ønskje om at du har erfaring innanfor kromatografiske og massespektrometriske analysemetodar

Utdanning

  • Bioingeniørfag
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert og er resultatorientert
  • Du har gode kommunikasjonsevner og arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du arbeider målretta, toler å stå i krevjande situasjonar og har god stressmestring
  • Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Lederkategori
Fagleder
Sted
Jonas Liesvei 91B, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Bioingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hege Hoff Skavøy
Stillingstittel
Sjefsbioingeniør
Telefon
55 97 43 97
Følg firma
2250 følger dette firmaet

Jonas Liesvei 91B, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 111447532
Sist endret 5. jan. 2018 12:54

Rapporter annonse