Utløpt

Fast 100% stilling for spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse Bergen - Psykiatrisk klinikk, avdeling for spiseforstyrringar
Stillingstittel
Fast 100% stilling for spesialsjukepleiar
Frist
31.12.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for spiseforstyrringar har poliklinikk, dag- og døgnavdeling. Vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved avdelinga brukar vi hovudsakleg kognitiv adferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar (CBT-E).

Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområdet til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt.

Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiar. Vi har eit engasjert personale med stor takhøgde for faglege diskusjonar.

Høyrest dette interessant ut oppfordrar vi deg til å søkje!

Seksjon for spiseforstyrringar har ledig fast stilling i 100% som spesialsjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Stillinga er p.t i to-delt turnus, med 35,5 timers veke.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging i forhold til observasjon og behandling
  • Sjukepleiefaglege oppgåver knytta til dagleg drift
  • Deltaking i tverrfagleg team

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Du må ha gode IKT-kunnskapar
  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga med tanke på haldningar og interesse og engasjement for spiseforstyrringar

Språk

  • Norsk

Eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du evner å tilpasse og formidle informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Det blir lagt vekt på at du har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 100%
  • Eit godt og inkluderande kollegie
  • Moglegheit for oppbygging av spesialisert fagkompetanse
  • Undervising og rettleiing
  • Svært god pensjonsordning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Sykepleier / Psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anna Brattestad
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 45 19
Kontaktperson
Signe Haugen
Stillingstittel
Konstituert avdelingssjef
Telefon
55 97 68 31
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 109990062
Sist endret 6. des. 2017 14:44

Rapporter annonse