Utløpt

Rådgjevar i pedagogikk ved regionalt utdanningssenter for legar i spesialisering (RegUt)

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar i pedagogikk ved regionalt utdanningssenter for legar i spesialisering (RegUt)
Frist
21.11.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Vil du vere med å forme morgondagens utdanning av legespesialistar?

Vi har ein ledig nyoppretta 50% rådgjevarstilling i medisinsk pedagogikk ved Regionalt utdanningssenter for legar i spesialisering. Det kan verte aktuelt å auke opp stillinga til 100%.

Utdanning av helsepersonell er ei av kjerneoppgåvene til spesialisthelsetenesta og har stor tyding for pasientbehandlinga. I samband med innføring av ny modell for spesialistutdanninga av legar, er det etablert eit Regionalt Utdanningssenter (RegUt) i Helse region vest som skal ha det overordna regionale ansvaret for utdanningskvalitet knytt til legar i spesialisering. Ny spesialitetsstruktur skal auke kvaliteten innan spesialistutdanninga, mellom anna gjennom innføring og vurdering av læringsmål, bruk av moderne pedagogiske metodar i alle læringsaktivitetar og auka satsing på rettleiing og supervisjon. Det er og innført obligatoriske læringsmål innan kommunikasjon og pedagogikk for alle legar i spesialisering.

Senteret er lagt til Haukeland universitetssjukehus og går inn i ei tverregional ordning for å sikre nasjonal og samordna spesialistutdanning. Ny spesialiststruktur er ein kvalitetsreform som skal vere med å auke kvaliteten innan spesialistutdanningane. Senteret vil få ei sentral rolle i å koordinere og delegere fagspesifikke kurs som vert krevd i spesialitetane.

I spesialistutdanninga av legar er teori (undervising) og klinisk praksis under rettleiing dei viktige læringsaktivitetar for utvikling av fagkompetanse. Utdanningssenteret skal bidra til å utvikle nye pedagogiske verkemiddel som simulering og e-læring, kvalitetssikre læringsaktivitetar og sikre at gode metodar for prøving av læringsutbytte vert brukt. Senteret skal også tilby rettleiarkurs og gjennomføre tiltak for å styrkje den pedagogiske kompetansen i spesialistutdanninga av legar.

Senteret er organisatorisk plassert under Seksjon for fag og utdanning i Forskings- og utviklingsavdelinga i Helse Bergen HF. Seksjonen har eit strategisk og koordinerande ansvar for utdanning og kompetansebygging innan Helse Bergen og har eit utstrakt samarbeid med helseføretaket sine einingar og eksterne aktørar som Universitetet i Bergen og samarbeidande høgskular. Senteret deltek aktivt i regionale og nasjonale råd/utval.

Vi søkjer ein engasjert person med kunnskap og interesse for pedagogikk som skal vere sentral i arbeidet med å utvikle regionalt utdanningssenter for legar i spesialisering. Du bør ha kjennskap til helsevesenet og erfaring frå rettleiing, utdanning og trening av helsepersonell. Det vil bli lagt stor vekt på personleg eigenhet.

Pedagogisk rådgjevar vil ha omfattande kontakt med dei andre regionale utdanningssentra, føretak i regionen samt høgskular og universitet. Stillinga vil medføre noko reiseverksemd til dei andre Helseføretak.

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk rådgjevar vil mellom anna ha følgjande oppgåver;
  • Ta aktiv del i å utvikle, etablere og delta i rettleiingskurs for dei som skal rettleie legar i spesialisering (LIS) i helseregion vest
  • Utvikle og delta i regionale kurs knytt til felles kompetansemodular for LIS med særleg vekt på e-læring, simulering og kommunikasjon
  • Etablere kurs/seminar i korleis evaluere læringsmål
  • Bidra til å utvikle og følgje opp regionens og føretakets planar for LIS utdanninga.
  • Bidra til å byggje og ivareta samarbeidsarena på tvers av ulike fagmiljø og spesialitetar, regionalt og nasjonalt.
  • Pedagogisk kvalitetssikre ulike læringsaktivitetar i utdanninga av legespesialistar
  • Utvikle pedagogiske retningsliner for supervisjon, rettleiing og kompetansevurdering av LIS

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på universitets- eller høgskulenivå.
  • God kunnskap, erfaring om og interesse for pedagogikk innanfor høgare utdanning og helsesektoren
  • Interesse for utvikling av utdanningssystem
  • Gode kommunikasjonsevner, både skriftlig og munnleg
  • God organisasjonsforståing
  • God IKT-kunnskap
  • Engasjert og løysingsorientert

Utdanning

  • Helsefag, andre
  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
  • Medisin
  • Pedagogikk
  • Psykologi
  • Sjukepleie

Eigenskapar

  • Arbeider sjølvstendig og er pådrivar i arbeidet med å utvikle pedagogiske metodar innan utdanning av LIS
  • Har evne til å arbeide systematisk, metodisk og ryddig
  • Viser engasjement til å utvikle stillinga, her under utvikle system og rutinar
  • Teamarbeids- og samhandlingsevnar
  • Har evne til å handtere fleire arbeidsoppgåver samtidig
  • Gode kommunikasjonsevner både skriftlig og munnleg
  • Løysingsorientert
  • God munnleg og skriftlig framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 50-100%
  • Deltaking i og vidareutvikling av spennande nytt satsingsområde
  • Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå med moglegheit for fagleg og personleg utvikling

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Helsepersonell / Psykolog,
Lege,
Sykepleier,
Undervisning og pedagogikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ansgar Berg
Stillingstittel
Leiar Regut
Telefon
97 07 10 01
Følg firma
2257 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 106616298
Sist endret 25. okt. 2017 13:08

Rapporter annonse