Utløpt

Rådgjevar/spesialrådgjevar

Arbeidsgiver
Helse Bergen - FoU-avdelinga, Fagsenter for pasientrapporterte data
Stillingstittel
Rådgjevar/spesialrådgjevar
Frist
30.11.2017
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Fagsenter for pasientrapporterte data søkjer etter ein (ev. to) dyktig rådgjevar som ønskjer å bidra til utvikling og forbetring av helsetenestene gjennom arbeid inn mot dei medisinske kvalitetsregistra.

Vi er eit fagsenter som leverer bistand til føretaket innan brukarerfaringsundersøkingar, og gjev også råd inn mot ulike forskingsprosjekt knytt til pasientrapporterte data. Fagsenter for pasientrapporterte data har ein nasjonal funksjon knytta til å rettleie og støtte dei medisinske kvalitetsregistra i arbeidet med å implementere pasientrapporterte utkommemål i registra. Stillinga er særskild retta inn mot dette arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Opplæring og rådgjeving i val av instrument, innhenting og analyse av pasientrapporterte data i medisinske kvalitetsregistre
  • Rådgjeving i bruk av pasientrapporterte data frå medisinske kvalitetsregistre i kvalitetsforbetring og forsking

Kvalifikasjonar

  • Du må ha doktorgradsutdanning (PhD) innan relevant fagområde
  • God kunnskap om og erfaring med innhenting og analyse av pasientrapporterte data.
  • God brukar av generelle IKT-verktøy, og erfaring med bruk av statistiske analyseverktøy
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • Gjerne erfaring frå helsesektoren evt. andre store og komplekse organisasjonar

Utdanning

  • Høgskule/universitet, doktorgrad

Eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Serviceinnstilt og omgjengeleg
  • Systematisk, nøyaktig og målretta
  • Analytisk og med god driftsforståing
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Positiv haldning til å tileigne seg og dele kunnskap

Vi tilbyr

  • Stillingsbrøk: 20-50%
  • Utfordrande oppgåver
  • Stimulerande arbeidsmiljø i eit aktivt miljø med høg tverrfagleg fagkompetanse
  • Høve til å arbeide i ein nasjonal og internasjonal samanheng
  • Lønn etter avtale

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Systemarkitekt,
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT utvikling / Database,
Annet

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tone M. Norekvål
Telefon
99 04 46 35
Følg firma
2248 følger dette firmaet

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 106117387
Sist endret 30. okt. 2017 12:52

Rapporter annonse