Psykologspesialist/ psykolog
- Arbeidsgiver
- Avdeling for rusmedisin
- Stillingstittel
- Psykologspesialist/ psykolog
- Frist
- 15.09.2017
- Ansettelsesform
- Fast
Avdeling for rusmedisin (AFR) har nå ledig 50% fast stilling (med moglegheit for 100% kombinasjonsstilling i AFR) som psykolog/psykologspesialist i eit nyoppretta Stifinnartiltak ved Bjørgvin fengsel. Tiltredelse snarast etter søknadsfrist.
Bjørgvin fengsel vart etablert i oktober 2006 og har 90 soningsplassar med lågare sikkerheitsnivå. Tilbodet er samarbeid mellom Kriminalomsorgen region vest og TSB og skal styrkje spesialisthelsetenesta i fengsel for å førebu og starte eit samanhengande behandlingsløp til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), saman med andre offentlege etatar og private aktørar. Tiltaket skal og omfatte kvinnelege innsette i Bergen fengsel. Målet er å betre behandlingstilbodet for menneske med ruslidingar i Bjørgvin fengsel gjennom oppstart av kartlegging, behandling, motivasjonsarbeid og samhandling allereie når dei er innsett. Fysisk trening og boligkoordinering vil vere eit sentralt del av oppfølginga. Tilbodet vil også bestå av leiar/koordinator, overlege, erfaringskonsulent, fengselsbetjentar, boligkoordinator og fysioterapeut.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i team
- Utgreiing, diagnostisering og behandling
- Rettleiing
- Delta i å styrkje det tverrfaglege samarbeidet internt og eksternt
- Delta i fagleg utvikling av tilbodet
Kvalifikasjonar
- Godkjend spesialist i klinisk psykolog
- Psykologar kan og bli vurdert for stilling
- Det vert lagt vekt på erfaring frå arbeid innan rusfeltet eller tilgrensande fagområde
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Utdanning
- Profesjonsstudium
- Psykologi
- Psykologspesialist/ Psykolog
Eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- God fagleg vurderingsevne og med interesse for fagleg tilnærming i pasientbehandlinga
- Kompetanse til å gjennomføre samtaler individuelt og i gruppe
- Fleksibel, innovativ og løysingsorientert,
- Gode samhandlings- og kommunikasjonsevner, evne til å skape gode relasjonar, motiverande, inspirerande og engasjerande
- God gjennomføringsevne, arbeider målretta og strukturert og toler å stå i krevjande situasjonar
Vi tilbyr
- Stillingsbrøk: 50-100%
- Høgt fagleg nivå.
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Olav Bjordalsvei 63, 5111 Breistein
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Psykolog
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Else-Marie Løberg
- Stillingstittel
- Direktør
- Telefon
- 98 09 44 20
Følg firma
2257 følger dette firmaet
Olav Bjordalsvei 63, 5111 Breistein