Sæterhus til leie ved Tesse

Åremål/langtidsleie
Kontakt utleier
Soverom
2
Sengeplasser
8
Bad
0
Boligtype
Hytte/feriehjem
Beliggenhet
På fjellet

Om boligen

Ei herleg sæterperle ved Tesse på Nordsetra i Lom, ca 10 minutts kjøring frå riksveg 15.Tesse er eit fiskevatn som ligg 842-854 moh.

Litt historie om staden;
Kong Olav Haraldsson gav Tesse til Torgeir på Garmo, da han lot seg kristne og byggje kyrkje på garden sin.
Rundt Tesse har det vore jernutvinning og busetjing.

Sætra
Sæterstugu består av "skut" - inngang kombinert med kjøken. Ein "klæva", lite rom med dobbeltseng, samt "bua" med 2 stk familiekøyer.
God soveplass til 8 personar.

Sjølve peisstugu har en triveleg peis med open eldstad, lita sittegruppe og eit spisebord.

Skuten har eit lite kjøleskap med frysar. Det er også komfyr med 4 plater og romsleg steikerom, elles godt med dekketøy og kjøkenutstyr.
Innlagt vatn frå vassreservoar.

Det er også ein gamaldags mura kjellar som kan nyttast som matkjellar/ kjøleskap.

Det finst bålpanne med mykje tilbehør.

Utenfor sæterstugu er det ein ny og velholdt utedo der du kan sitja å sjå utover Tessevatnet.

Turmoglegheiter:

Kvitingskjølen 2069 moh.

Glitterheim og Glittertind 2452 moh. fast fjell, med breen variert frå 2481,4 til 2464 moh.

Sætra er eit fint utgangspunkt for mange fine sykkelturer. F.eks Glitterheim, Smørlii, Eklesætra, Smådalen, Lom, Randsverk etc.

BRIMILAND
Vert du lysten på ein kviledag kan Brimi Fjellstugu og Vianvang freiste med gourmetmåltid og store sansepplevingar for auga, smak, lukt og sjølve oppmerksamheita du får av vertskapet på desse stadane. Heilt unikt!

Brimi Sæter som driv tradisjonell sæterdrift er open for publikum. Matservering med nydeleg tradisjonskost, og den kjente "Skråpå tå".
Salg av lokale, heimlaga produkt.

Brimiskogen klatrepark ligg også like ved.

På Brimi fjellstugu kan du kjøpe fiskekort til Tesse, Sylvetjønn (1726 moh) og elva Smådøla (1129 moh).

Elles ved god temperatur kan ein dukkert i Tesse også vera ei stor oppleving for alle i familien.

Eit besøk på Kallbakk landhandleri er også å anbefale, ca 5 minutter frå sætra med bil mot riksveg 15.

For å kunne nytte deg av aktivitetane over, så kan du faktisk la bilen stå. Dei ligg like ved sætra, du kan fint gå eller sykle dit.

Hausten er vakraste tida i fjellet med fargesprakande viddar og fjell, der du kan gå på jakt, sanke bær eller gå på sopptur.

Pris helg kr 6000.-
Pris pr.. veke kr 8000,-
Vaskehjelp ved avreise kr 1500,-

I prisen inngår det oppredde senger, ved og strøm.

Det er ikkje tillatt med husdyr inne i sæterstugu.

Valde du sætra?

Når du inn i sæterstugu kjem,
lat stress og mas fara.
Gjev plass til stilla og naturens lydar,
sjå inn i peisvarmen og drøym deg burt.
Lat kropp og sjel få ny kraft av venleik og styrke.

Velkomen til eit triveleg opphald !

- Åsne

Fasiliteter

  • Kjøkken
  • Garasje/parkeringsplass
  • Peis/ildsted
  • Båtplass
  • Hagemøbler
  • Barnestol

I nærheten

  • Vann
  • Strand

Beliggenhet

Smørlivegen 52, Garmo, Tessanden, Lom, Innlandet, Norge
Kart
Rapporter annonse
FINN-kode91896255
Sist endret29. juni 2023, 23:07

Vurderinger fra gjester

Profilinformasjon om selgeren

asne
Har vært på FINN siden 2016
Andre annonser fra samme utleier
Velg tid i kalenderen
april 2024

man

tir

ons

tor

fre

lør

søn

Logg inn for å sende melding

Trenger du en kontrakt?

  • Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
  • Signer kontrakten elektronisk
  • Gratis tjeneste
Opprett digital leiekontrakt