INAKTIV

Bygg splitter ny hytte og leig den på åremål

Åremål/langtidsleie
Kontakt utleier
Størrelse
120 m²
Soverom
3
Sengeplasser
8
Bad
2
Boligtype
Hytte/feriehjem
Beliggenhet
På fjellet

Om boligen

Informasjon:

Svivkollen hyttefelt tilbyr alt frå tomter til nøkkelferdige hytter i eit moderne hyttefelt. Hyttefeltet er utvikla i samarbeid med Snøhetta, Dronninga landskap og Planhuset.

Åremålsleige:

Er du usikker på å kjøpe hytte og ynskjer å prøve ut hyttelivet fyrst tilbyr me å sette opp ny hytte for deg til åremålsleige med reduksjon i pris ved eit evt kjøp. I og med at hytta ikkje er satt opp enda er også graden av involvering i byggeprosessen valgfri etter kvar enkelt sine ynskjer.

Me har fleire hyttetyper som kan leveras som ei totalpakke med nøkkelferdig hytte og tomt i Svivkollen hyttefelt. Har du ein hyttemodell sjølv som du ynskjer, gjer me deg gjerne eit tilbud på den som ein del av ei totalpakke også.

Pris på åremålsleige vil variere med valg av hytte, tomt, varighet på leieforholdet osv. Reduksjon i pris ved ett evt ønske om kjøp i løpet av leigeperioden kan og avtales. Denne reduksjonen vil og variere med valg av hytte osv.

For meir info sjå heimesida www.svivkollenhyttefelt.no og Svivkollen hyttefelt på facebook.
Ta kontakt for ein hytteprat og eit tilbud skreddersydd for deg.

Visningar:

Ta kontakt så ordnar vi privat visning.

Om Svivkollen hyttefelt:

Svivkollen hyttefelt ligg idyllisk til på Naurak i Nissedal kommune, på vestsida av Nisser. Frå hyttefeltet er det flott utsikt utover tuna på Naurak, Nisser og omkringliggande terreng og fjell.

Naurak har mykje å by på av opplevingar gjennom alle årstider. Frå hyttefeltet er det allereie merka turløyper og det er planlagt fleire løyper.
Vinteren 2018 kom det istand skiløyper som startar frå hyttefeltet og går om lag 4 km innover i terrenget, tråkka med tråkkemaskin. Det er også regulert inn område for skibakke med taugtrekk/skiheis i tilknyting til hyttefeltet.
I nærleiken av Naurak kan me anbefale Kronfjell, Allambergknatten og Langfjell som turmål. Frå toppane er det fantastisk utsikt utover Nisser, snaufjellet og Fyresdalsheiane. Er du heldig kan du skimte havet på klåre dagar.

Bare eit steinkast frå hyttefeltet ligg innsjøen Nisser. Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. På sommarstid er Nisser heilt fantastisk å opphalde seg ved. Nisser er den største innsjøen i Telemark, og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell.
Det er bryggjeanlegg med båtplassar til leige i umiddelbar nærleik til hyttefeltet.

Kort om Nissedal kommune - opplevingar:

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.
Det er mange flotte oppmerka turløyper i kommunen. Blant anna arrangerer Topptur Nissedal eit svært populært toppturprogram i kommunen. Her kan ein bli med på fellesturar eller gå på eigen hand.
Om du likar å springe i bratt terreng så blir det arrangert fleire motbakkeløp i kommunen.
I Nissedal er det populært med terrengsykling, og det er fleire oppmerka sykkelstiar som kan nyttast.
Elles anbefalar me å sykle rundt Nisser. Turen er om lag fire mil og for å kome deg over Fjonesundet må du ta Fjoneferja. Fjoneferja er Norges minste kabelferje, og er ein attraksjon i seg sjølv.
Ein annan populær attraksjon er eit heilt naturleg badeland i Haugsjåsund. Her er det jettegryter og naturlege vassklier. Både i Nisser, Tjørull og Nidelva er det fint å bruke kano, kajakk og båt.
Elles finn du også flotte skiløyper på Fjone Høgfjell, Gautefall og Kyrkjebygdheia.

Generelt:

Målet til Svivkollen hyttefelt AS er å tilby draumetomter i eit naturleg landskap og moderne hytter med harmonisk og gjennomført stil.
For landskapets del er målet å gjere minimale inngrep slik at tomtene og terrenget blir mest mogleg naturleg. For å få til dette er det mellom anna regulert inn tre ulike hyttetomt-typer, der det kan byggast hytter som er tilpassa terrenget på kvar tomt.
Svivkollen hyttefelt AS har engasjert Snøhetta, Dronninga landskap og Planhuset for utarbeiding av ein spennande reguleringsplan, med eit gjennomført estetisk uttrykk.

For meir info sjå heimesida www.svivkollenhyttefelt.no og Svivkollen hyttefelt på facebook.
Ta kontakt for ein hytteprat og eit tilbud skreddersydd for deg.

Adkomst:

Frå Treungen sentrum er det 7 kilometer til Naurak og Svivkollen hyttefelt. Køyr over Treungbrua og ta deretter til høgre mot Fjone. Sjå også vedlagt kart.

Tomteforhold:

Tomtene er hovudsakleg naturtomter med lyng og blåbærskog. Tomtene ligg i eit relativt flatt terreng med flott utsikt utover ein av Noregs største innsjøar, Nisser.
Hyttetomtene er store, på omlag 1.000 m2.

Standard:

Hyttefeltet
Svivkollen hyttefelt er eit høgstandard hyttefelt med straum, kommunalt vaten og avløp samt moglegheit for tilkobling til fibernett
Det er gjennomgåande moderne stil og høg standard på hytten i feltet.

Hyttene
Me har fleire hyttetyper og kjøpar har store moglegheitar for å gjere endringar og sette sitt personlege preg på hytta. Endeleg leveranse og pris blir avtalt i eiga kontrakt. Hyttene blir levert i henhold til bustaoppføringslova.

Fasiliteter

  • Internettilgang
  • Kjøkken
  • Balkong/terrasse
  • Garasje/parkeringsplass
  • Oppvaskmaskin
  • Kaffetrakter
  • Vaskemaskin
  • Tørketrommel
  • Peis/ildsted

I nærheten

  • Vann
  • Strand
  • Turterreng
  • Fiskemulighet
  • Alpinanlegg
  • Matbutikk
  • Tettsted
  • Svømmehall
  • Jaktterreng
  • Offentlig transport
  • Skiløyper

Beliggenhet

Nissedal, Vestfold og Telemark, Norge
Kart
Rapporter annonse
FINN-kode193338623
Sist endret14. juni 2021, 20:19

Vurderinger fra gjester

Profilinformasjon om selgeren

Svivkollen Hyttefelt AS
Har vært på FINN siden 2018
Hjemmeside
Velg tid i kalenderen
april 2024

man

tir

ons

tor

fre

lør

søn

Logg inn for å sende melding

Trenger du en kontrakt?

  • Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
  • Signer kontrakten elektronisk
  • Gratis tjeneste
Opprett digital leiekontrakt

Nyttige lenker

Kvadrat med pil opp mot høyrehttp://www.svivkollenhyttefelt.no