INAKTIV

Nasjonalromantisk perle i Hardangerfjorden

Pris per natt
fra 2 142 kr
Prisen er oppgitt uten rabatter og ekstra kostnader
Pris oppgitt i
NOK
Størrelse
170 m²
Soverom
4
Sengeplasser
12
Bad
2
Boligtype
Hytte/feriehjem
Beliggenhet
Ved sjøen

Om boligen

OM BOLIGEN:
Fullt utstyrt, stort og sjarmerande sommarhus i sjøkanten ved Fyksesund, ein liten fjordarm midt i Hardangerfjorden. Sommarhuset har eigen kai, ca. 70 meter strandlinje, 4 soverom, 2 kjøkken og 2 bad. Huset vart oppført i 1914 og husa opphavleg ein daglegvarebutikk for lokalmiljøet i og rundt Fyksesund. Huset er av eldre standard, med nokre moderniseringar som vist på bileta. Sommarhuset har også tilgjengeleg to 14 fots båtar med 9,9 HK påhengsmotor, utandørs sløyebenk, samt ein vedfyrt stamp. Det er god tilkomst og rikeleg med parkering til fleire bilar - og plass til venner med bubil eller campingvogn ved sidan av huset. Huset har stor kai med nydeleg utsikt utover sjø og fjell. Det er totalt 12 sengeplassar pluss ei grindseng (barneseng) - og eventuelt to ekstra madrasser. Denne plassen er perfekt for storfamilien, to familiar eller venner som jaktar eit feriehus der ein kan bada, fiska og gå turar i fjella. Det er ein fredeleg plass der du kan slappa av og nyte dei vakre sommardagane i ditt eige tempo!

VIKTIG INFO:
Vekeleige (frå laurdag til laurdag prioriterast).
Sengeklede og handkle er inkludert i leiga.
Obligatorisk utvask kjem i tillegg på kr 1500,-.
Dyrehald ikkje tillate.
Forlat bustaden i god og ordna tilstand.

LEIGE AV BÅT:
Leige av trygg og god båt mot eit tillegg på kr 1000,- per veke om ønskeleg. To båtar av typen 2016 modell Pioner 14 fot med 9,9 HK Yamaha ligg fortøydd ved kaien utanfor huset. Forbruk av bensin kjem alltid i tillegg.

OM PLASSEN:
Porsmyr er ei lita grend ca. 9 km (10 min kjøring) frå nærmaste tettstad som er Øystese. I Porsmyr er du svært skjerma for både trafikk og støy i flotte omgivnadar, heilt nede ved sjøkanten. På solfylte dagar har du sol frå 07.00 om morgonen til 18.30 på kvelden, og sjøen held til vanleg ein temperatur mellom 17 og 20 grader på dagtid i høgsesong. I nærleiken finn du Skårsvatnet, her kan du også bade eller mate gullfisken som lever der.

I Øystese finn du mellom anna daglegvarebutikkar, bokhandel, apotek, legesenter, tannlege, svømmehall, hotell, golfbane, sandstrand, kafé og to pizzarestaurantar. Litt lenger unna (14 km) ligg Norheimsund som er regionsenteret i kommunen. Her finn du eit større utval butikkar inkludert vinmonopol samt attraksjonar som til dømes Steinsdalsfossen.

Frå Porsmyr er det ca. 60 min kjøretur til Voss, 1t og 30 min kjøretur til Bergen og 1t og 15 min kjøretur til Folgefonna. På Folgefonna finn du Fonna Glacier Ski Resort som er ei av Europas fremste sommarskisenter.

UTSTYR I BOLIGEN:
Av utstyr finnes blant anna kaffitraktar, kjøleskap, frys, mikrobølgeovn, komfyr, grill, vaskemaskin, oppvaskmaskin, WiFi, TV, barneseng, diverse redningsvestar, samt ein del kjøkkenutstyr som panner, koppar, glas, fat, bestikk og serveringsutstyr.

LEIGEPRISAR:
Vekepris leige er kr 15000,- per veke
Obligatorisk utvask kjem i tillegg på kr 1500,-
Vekepris leige av båt kr 1000,- per veke.

KONTAKT OSS
Send oss gjerne ei melding på finn.no si meldingsteneste for informasjon eller bestilling.

SØKEORD
sjø - fjord - hardanger - vestlandet - hytte - sjøhus - vann - båt - fiske

Fasiliteter

  • Internettilgang
  • Kjøkken
  • Balkong/terrasse
  • Garasje/parkeringsplass
  • Oppvaskmaskin
  • Kaffetrakter
  • Vaskemaskin
  • Håndklær/sengetøy inkludert
  • TV
  • Båt
  • Båtplass
  • Hagemøbler
  • Barnestol
  • Barneseng
  • Grill

I nærheten

  • Vann
  • Strand
  • Turterreng
  • Fiskemulighet
  • Alpinanlegg
  • Golf
  • Matbutikk
  • Tettsted
  • Sjøen
  • Svømmehall
  • Skiløyper

Beliggenhet

Øystese, Kvam, Vestland, Norge
Kart
Rapporter annonse
FINN-kode179670438
Sist endret21. april 2022, 22:37

Vurderinger fra gjester

Profilinformasjon om selgeren

Høyland
Har vært på FINN siden 2020
Velg tid i kalenderen
april 2024

man

tir

ons

tor

fre

lør

søn

Logg inn for å sende melding

Trenger du en kontrakt?

  • Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
  • Signer kontrakten elektronisk
  • Gratis tjeneste
Opprett digital leiekontrakt