Når annonsen er aktiv kan du dele på Twitter

Hav og himmel - hytte til leige i Austevoll

Pris per helg
fra 2 400,- til 3 200,-
Pris per dag
fra 1 200,- til 1 600,-
Pris oppgitt i
NOK
Pris per uke
fra 8 400,- til 9 400,-
  • Beliggenhet
    Ved sjøen
  • Størrelse
    100 m²
  • Boligtype
    Hytte/feriehus
  • Sengeplasser
    6
  • Soverom
    3
  • Bad
    2

Beskrivelse

Hav og himmel og eit lite dryss holmar er alt du ser frå panoramavindauga i denne hytta. Snur du deg og ser ut kjøkenglaset, kan du sjå like til Folgefonna. Villsau spring på knattane mellom lyngkledde haugar, og er du heldig får du sjå havørn som kviler på vinden og niser som leikar i bølgjene nedanfor.

Hytta er moderne utforma og ligg fint i terrenget, med stor terrasse ut mot havet, utan innsyn. Dette er ei stad for den som likar vind og ver, men på klåre dagar finst det alltid ein lun krok til å nyta sola.

Der er tre soverom med til saman seks sengeplassar: To rom nede med høvesvis køyeseng og dobbeltseng (160 cm brei), og hovudsoverom oppe med stor dobbeltseng (180 cm brei). Hytta har bad med dusj både oppe og nede, og er fullt utstyrt med internett, tv, mikrobølgeovn, oppvaskmaskin og vaskemaskin. På kjøkenet finn du basisvarer til matlaging (salt, krydder, sukker, matolje), servise og bestikk. Handkle, toalettpapir, såpe, sjampo, vaskemiddel for klede, oppvask og husvask finst på hytta.

Båtplass som tilhøyrer hytta er tilgjengeleg etter avtale.

Om du ikkje vil ha med eigne sengkle, kan du leiga for NOK 100 per sett. Sei frå om du vil vaska ut sjølv, eller om vi skal gjera dette for deg mot NOK 420 ekstra.

Døgnpris på NOK 1200 gjeld for to vaksne. Det er NOK 100 i tillegg per døgn per ekstra vaksen (men maks 1000 ekstra per veke). Ikkje tillegg for barn under 16.

Husreglar:
Røyking og dyr er ikkje tillate inne. Ingen festing.

Fasiliteter

Balkong/terrasse, Garasje/parkeringsplass, Internettilgang, Kjøkken

Båtplass, Grill, Hagemøbler, Kaffetrakter, Oppvaskmaskin, Peis/ildsted, TV, Vaskemaskin

I nærheten

Fiskemulighet, Matbutikk, Sjøen, Strand, Svømmehall, Tettsted, Turterreng

Nyttige lenker

Nyttige linkerFerjeruter

Barmasletta 43, 5384 Torangsvåg, Torangsvåg, Hordaland, Norge

Kart

Rapporter annonse

FINN-kode121240884
Sist endret1. august 2019, 15:15

Vurderinger fra gjester

Kalender for ledighet

Logg inn for å sende melding
Opprett digital leiekontrakt
  • Utfylt kontrakt med opplysninger fra annonsen
  • Signer kontrakten elektronisk
  • Gratis tjeneste