Bildegalleri
JS Watch Islandus White Roman
Til salgs
7 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Kjønn: Herre
Seler min JS Watch Islandus White Roman Dial, då eg har kjøpt ei ny klokke. Dette er ei klokke som sjeldan kjem for sal, særleg i Noreg.
JS Watch Co. Reykjavik er eit lite, uavhengig islandsk klokkemerke som bygger klokkene sine for hand i Reykjavik. Produksjonen er lita, og merket er kjent for klassisk design, høg kvalitet og solide sveitsiske urverk.
Nypris: 29 885 kr.
Følger med
* Original yttereske
* Original klokkeboks
* Garantikort
* Dokumentasjon på service utført hos JS Watch på Island i 2021
Klokka fungerer heilt som den skal og held tida godt. Den har normale hairlines etter varsam bruk, men ingen større skadar.
Etter servicen i 2021 kom det to små støvkorn på innsida av glaset. Desse er knapt synlege i dagleg bruk, påverkar ikkje funksjonen og kan enkelt fjernast av ein urmakar dersom ein ønskjer ei heilt perfekt klokke.
Spesifikasjonar
* ETA 2824-2 automatisk sveitsisk urverk
* Kasse i rustfritt stål
* Safirglas med antirefleksbehandling
* Vassresistent til 5 bar
* Diameter: 44 mm
* Tjukkleik: 11,5 mm
Dette er ei klokke for deg som ønskjer noko utanom det vanlege. JS Watch blir produsert i små seriar og dukkar svært sjeldan opp på bruktmarknaden.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller ynskjer fleire bilete. Eg har berre gode tilbakemeldingar på Finn og ynskjer å halde fram med det.
Seriøse bod vert vurderte.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 16.7.2026 kl. 18:08 ・ FINN-kode: 468440434


