Bildegalleri
Ønsker hest på heilfôr i Indre Sogn
Til salgs
1 kr
Beskrivelse av varen
Mor og datter (14 år) ønskjer hest på heilfôr. Ryddig og seriøs stall med fine uteområde er tilgjengeleg for oss. Mor har hatt eigen hest i over 20 år (ex-traver), som vart avliva for 2 år sidan pga høg alder, og datter har vokst opp i stallen og er hestevant og ansvarleg. Me kan tilby 5-stjerners oppfølging med fokus på god hestevelferd og aktiv bruk. Hesten må ha stabile gangartar, vera trafikksikker og trygg åleine og med andre hestar på tur. Hesten vil få mykje utegang og elles trening på tur og på bane. Hesten må gjerne vera innkøyrd, då mor likar å køyra hest. Vår eigen hest gjekk bittlaust i 15 år, så evt slike ønskje for hestehaldet er ingen hindring for oss.
14-åringen er 1,75 høg, så hesten kan godt ha litt størrelse, men fjording går fint det også! Ikkje så opptekne av rase, men har erfaring med døl, kaldblods og fjording frå før. Ønskjer i utgangspunktet ikkje x-traver for omskulering, då 14-åringen ønskjer å vera så sjølvstendig som mogleg både på tur og på bane så fort som mogleg.
Finst den rette hesten for oss der ute ein stad? Det viktigaste for mor er at 14-åringen skal få ein trygg bestevenn å utvikla seg vidare saman med, som mor også kan nyta godt av.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.6.2026 kl. 15:21 ・ FINN-kode: 466448682
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt