Bildegalleri
Dingwall Voodoo Zebra 5 1995
Til salgs
35 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
kanadisk multimensural (multiscale) boutique bassgitar dingwall voodoo zebra femstrenger med fanned frets. perla i samlinga, nullknuser, overload og modern metal, blå gigant, final boss for dei som likar lav tuning.denne modellen og akkurat denne bassen (ein av dei første 200 som blei laga) satte den moderne trenden med multimensur. bassen er fra pre-fire perioden, som varte frå 1994 til 1996, frå serieproduksjon til brannen som øydela verkstaden, alle dokument og tegningar for desse bassane. på hodet til halsen sit den gullfarga signaturen til dingwall, handskrive. bassen laga personleg av sheldon før han blei visionær og gjekk over til administrasjon då firmaet voks. serienummer 1189 viser at dette er frå den andre hundreproduksjonen, ifølge offisiell support, første bass hadde 1001. denne bassen er ein del av selskapets offisielle historie. foto av den brukt på dingwall guitars kanalen i videoen “dingwall guitars: a brief history” på 1:27 (anbefaler å sjå, interessant om prosessen med å lage gitarane). spesifikt har denne bassen custom opsjon med aguilar OVR‑3 preamp. brukt kun heime, ingen konsert, øving eller studio. lyden – det første du merkar, kor høg og klar den er unplugged. tilkopla er den ein fenderoid på steroider med enormt frekvensområde. veldig lys klang, men med kropp og bass til stede. kaldt, industrielt metallisk tone, som ein maskin som går. multimensur gjer at notene kling likt overalt, høgt eller lavt på halsen, pianofølelse – alle notene klare og presise. lynrask respons, det kjennast som notene treffer før du tar dei. raske trioler på tjukke strenger blir ikkje til grøt.
ergonomi: ikkje som andre bassar, halsprofil meir som ein superstrat, multimensur tar 20 min å venne seg til. mandolinlader og lav action gir heilt sjuk spelfølelse, venstre hand sliter ikkje. balanse perfekt, held seg der du vil ståande eller sitjande.
teknisk perfekt, visuelt nokre små bulkar og slitasje, kosmetikk 4+.
eksempel på lyd: søk “DIMNEODIM Dingwall Voodoo Zebra”.
fabrikkspesifikasjonar:
kropp (2 deler): nordleg ask
hals (9 delar ved kropp, 7 ved nut): lønn med dobbel karbonforsterkning, med pao ferro gripebrett
hals oljebehandla
kropp lakkert, farge skifter frå mørkblå til sjøblå med grønnskjær i lys
menzur: 37-34"
24 band
pickups: custom passive split-coil bartolini med dingwall gravering
elektronikk: aktiv OVR-3TK ±16dB 18V med push/pull aktiv/passiv, volum, high+mid+low med mid fix, 2-pos mid freq switch 400 eller 800Hz aktiv
pickup switch: 4-pos rotary switch, bridge, begge parallelt, begge serie, neck
jack: neutrik lokk
mekanikk: sperzel US trim-lok
bro: quick release kahler på stor 6000 aluminium plate bolta gjennom kroppen, justerbar menzur og strenghøgde individuelt
nut: kompositt
straplock: dunlop
gjort av meg:
1. forkorta boltar på bro som ikkje sat fast, no held kroppen perfekt og overfører strengvibrasjon
2. gripebrettsliping og lader oppgradert til jessar FW43080 for å fjerne zonal ringing, målt og justert nøye
3. jack bytta til Neutrik NJ3FR6C-BAG
4. kjøpt nye dunlop straplock deler som mangla
som de ser, tid og pengar har ikkje vore spart på denne bassen.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 8.6.2026 kl. 16:20 ・ FINN-kode: 466361827
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt