Bildegalleri
Islandshest selgast
Til salgs
50 000 kr
Beskrivelse av varen
Kjønn: Vallak
Fødselsår: 2018
Dagfari fra Jakobsgården
Vallak fødd 2018
Etter Bylur frá Breiðholti, Gbr. og Aska fra Stall Kjersem.
Dagfari er ein triveleg og snill hest i handtering og stell. Han er sosial og fungerer fint i flokk. Her hos oss har han vore ein joker i flokken, ein vi kan plassere litt kor som helst. Han har fungert både med unghingst og i vaksenflokken (med hopper og vallak). Middels på rang.
Dagfari er lite ridd for alderen. Vi kjøpte han som prosjekthest som berre var grunntemt for 2 år sidan. Kort tid etter fann eg ut eg var gravid, så treninga i starten var mest frå bakken. Det siste året har han vore jamnt i bruk fleire gongar i veka, og hatt ei fin utvikling. Han er femgjengar, vel tølt. Treng meir trening for å hente fram traven. Middels vilje.
I utgangspunktet er Dagfari ein roleg og behageleg type, men han er også ein sensitiv hest som kan bli usikker, overtenke og eskalere. I tilfeller der stressnivået har bygd seg opp kan det ta litt tid før han slepp stresset heilt ut av kroppen som gjer at han i visse situasjonar kan reagere på alt og ingenting. Dei siste månedane har han vorte mykje tryggare, men han bør framleis ikkje sjåast på som ein typisk «bombesikker» turhest. Difor passar han nok best til ein erfaren rytter som vil bruke tid på å bygge vidare sjølvtillit og tryggleik. Han treng ein rytter som er roleg og trygg, og som kan sette tydelege og gode rammer.
Han er ridd aller mest på tur saman med andre, men også litt på bane/kurs. Han er ridd lite åleine. Stod i trening ved Stall Teigane eit par veker i fjor sommar, der det vart jobba med å ri på tur aleine, men her hos oss har han for det meste vore på tur med andre hestekompisar. Den siste tida har vi trena meir på å gå på tur åleine, og han verkar å bli tryggare på det også, ser for meg det kjem seg med meir mengdetrening.
Dagfari trivst best med ein rytter som er roleg, konsekvent og som gir han tid til å bli trygg. Han selgjast ikkje som barnehest. Ser for meg han fungerar best som ein einmannshest, eller at han har få folk å forhalde seg til. Kan bli ein fin tur og- kurs hest.
Fulgt opp med vaksine, tannsjekk og jamnleg skodd. Selgjast ettersom eg skal i full jobb til hausten, og i kombinasjon med små barn vil eg ikkje kunne gi Dagfari den merksemda han treng. Trur det er viktig Dagfari kjem ein stad der han blir jamnt handtert. Eg ønsker ein varig og god heim til Dagfari, og vil gjerne finne den rette matchen framfor eit raskt salg.
Fleire bilder finner du på instagram på @stall_brautaset
Ta gjerne kontakt ved interesse eller dersom du ønsker meir informasjon om Dagfari.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 10.6.2026 kl. 16:02 ・ FINN-kode: 466175521
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt