Bildegalleri
(1/13)
Leif Vatle Gruvedrift på Osterøy. 2020
Til salgs250 kr
Beskrivelse
Leif Vatle Gruvedrift på Osterøy. 2020
Gruvedrift på Osterøy fortel om den omfattande gruvedrifta som vart driven på Nonås, Litland og Skaftå. På Nonås og Litland vart det jakta på nikkel, og på Skaftå var det kalkstein som var driftsgrunnlaget. Alle desse bygdene vart sterkt påverka av gruvedrifta, og gruvene skapte i periodar arbeid til mange mann.
Nonås var i drift frå 1880-åra, og her vart malmen fyrste tida boren i kiper ned til kai på Geitrheim. Seinare vart her bygd veg, og til slutt ei taubane. Litland kom i drift litt seinare, og under fyrste verdskrigen vart det her bygt opp eit stort gruvesamfunn. Det stod lenge stilt, men frå 1933 var det full drift. Malmen vart frakta med taubane til utskiping frå Bysheim til smelting i Kristiansand.
Kalken på Skaftå vart frakta til Odda, der han gjekk inn i karbidproduksjon ved Odda smelteverk. Kalken gjekk også inn i gjødselproduksjon.
Det er historia om desse gruvene boka fortel. Ho er spekka med bilete for å gje eit levande inntrykk av gruvedrifta.
Ring eller send sms til 924 35 058 for å kjøpe og for å diskutere henting og sending.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Beliggenhet
| FINN-kode | 465013155 |
|---|---|
| Sist endret | 26.5.2026 kl. 19:28 |















