Bildegalleri
Minihus
Til salgs
450 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Studietida er forbi, ingeniørgraden er i boks, og eg vurderer derfor å selge studentboligen min.
Huset vart sjølvbygd sommaren 2022 og har fungert som heimen min i fire flotte år.
Minihuset er bygd rundt ein enkel og sparsam livsstil, med solcellestraum som einaste straumkjelde. Solcelleanlegget på rundt 650 W har drive 12 V kjøleskap, lys og lading utan problem(vinterstid er det ikkje nok til å drifte kjøleskap). Oppvarming skjer med dieselvarmar og vedomn. Huset er samtidig trekt med 220 V-ledningar i veggane, så det kan relativt enkelt byggast om til vanleg straumopplegg for den som ønskjer det.
Byggteknisk
* Bygd på ny (2022) Vlemmix 6,6 m minihustilhengar
* Stenderverk i 34x98 mm, tak i 34x148 mm
* Stålavstivarar for å tole vibrasjon under transport
* Vedlikehaldsfri fasade
* Plannja aluminium takplater
* Endeveggar i naturleg gråna kjerneved
* Isolasjon:
* Gulv: 10 cm Glava + 5 cm styrofoam i botn
* Veggar: 10 cm Glava
* Tak: 15 cm Glava
* BerryAlloc vanntett laminatgolv
Sjølv om huset i dag er tilpassa eit liv utan fast straum og vatn, kan ein nevenyttig person enkelt tilpasse det til andre behov og bruksmåtar. Huset har stått eitt år i kulde på Lillehammer og tre år i kystklima i Haugesund utan teikn til fukt eller strukturelle problem.
Fraktvekta er under 3,5 tonn, og det kan dermed trekkjast av personbil med tilstrekkeleg kapasitet.
Huset er pr i dag utstyrt med:
* Sepparett Tiny toalett
* Dieselvarmar
* 12 V kjøleskap med fryseenhet
* Enkel dusjløysing
* Gassbluss
* Diverse 12 V belysning
* Jøtul 602 vedomn
* solcelleanlegg (100ah lifepo)
Golvarealet er på ca. 16 kvm, og med hems er totalarealet rundt 19 kvm.
Huset er teikna og bygd av underteikna, og har derfor ei litt unik utforming. Geometrien gjer at stove- og kjøkkendelen får godt med volum, og huset opplevast større innvendig.
På framsida er det ein enkel bod som har fungert som vedbod og rom for dieselvarmaren.
Huset har vore flytta to gongar:
1. Hardanger → Lillehammer
2. Lillehammer → Haugesund
Det har ikkje fått strukturelle skadar av flytting, berre to mindre skrapemerke i aluminiumen.
Eg luftar no huset for sal då eg skal flytte i leilegheit med sambuar. Planen var eigentleg å pusse det opp før sal, men eg ønskjer først å sjå om nokon kan vere interesserte slik det står i dag — kanskje som hytte, heimakontor, verkstad eller alternativ bustad.
Huset har mange år igjen, og eg personleg har stortrivdes å bu i det, samt livsstilen som fylgjer med det. Dette vil sjølvsagt verte savna.
Ting eg hadde vurdert å oppgradere
* Fore ut veggane og sparkle/male og liste på nytt
* Senke hemsen med ca. 10 cm
* Bygge meir permanent skillevegg mellom bad og stove (dagens løysing er ikkje heilt lydisolert)
* Setje inn nyare kjøkkenbenk
* Ordne betre vann og avløp. I dag vert regnvatn samla utendørs og bært inn ved behov. Eit enkelt avløp frå dusj eksisterer, men burde utbedrast, samt vask.
Ta kontakt om du lurer på noko!
Kom med bud.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 21.5.2026 kl. 13:17 ・ FINN-kode: 464355054
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt
