Bildegalleri
Wachtel valper ventes
Til salgs
25 000 kr
Beskrivelse av varen
Ser du etter ein hund som fungerer like godt på jakt som i kvardagen?
Vi forventer valper etter Vega og Dyno i midten av juli-26, med levering i midten av september.
Wachtelhund er ein fantastisk allroundhund for deg som ønskjer ein aktiv og lærevillig kamerat.
Rasen er kjent for å vere:
• Arbeidsom og førarorientert💪
• Familievennleg og sosial🧑
• Glad i aktivitet og turar 🎒
• Dyktig på jakt, spor og ettersøk🦌
• Glad i vatn og apportering💦
🐶MOR: Vega (støyletuftas)
Født 27.mars.21
Reg: NO44367/21
HD A
AD fri
Vega er ein svært allsidig og triveleg hund med eit fantastisk gemytt. Heime er ho roleg, avslappa og ein naturleg del av familien. Ho likar å vere der folk er, kosar seg saman med familien og har evna til å “slå heilt av” i kvardagen.
Men med ein gong vi er ute på jakt, er det som å slå på ein brytar. Då kjem arbeidslysta og intensiteten fram med ein gong, og ho er fullt fokusert på oppgåva. Vega har stor jaktlyst, god motor og arbeider med høg intensitet i terrenget, samtidig som ho held god kontakt med førar.
Vega kan gå laus heime rundt huset utan problem, og ho går godt overeins med både andre hundar, ungar og andre dyr. Ho viser ingen interesse for verken geitene eller sauene som går på beite rundt huset.
For oss er Vega eit perfekt døme på kva ein Wachtelhund kan vere – ein dyktig jakthund med stor arbeidskapasitet, kombinert med ein trygg, sosial og allsidig familiehund.
Vega er også med på det meste elles i livet. Ho elskar turar og aktivitet, og blir brukt aktivt året rundt. Ho er glad i vatn og svømmer gjerne ved sida av kanoen på tur. I tillegg blir ho brukt til trekking på sykkel, akebrett og skøyter o.l.
🐶FAR: Dyno (Uffel aus der meute)
født 14.08.23
Reg: VDH/DW23-31
HD B
AD fri
Han er ein effektiv og ærleg hund med stor arbeidskapasitet. Han kommer fra en tredje generasjons oppdretter i Tyskland.
Når det er lyd i Dyno, er det som regel dyr på beina. Han har god kontakt med førar, arbeider med høg intensitet i terrenget og kjem raskt tilbake etter søk. Han jager det meste – frå rådyr til villsvin – og har vist stor vilje og gode eigenskapar både på spor og i praktisk jakt. Han apporterer villig og er svært glad i vatn.
I tillegg til jakteigenskapane er Dyno ein svært triveleg hund i kvardagen. Han er sosial, glad i folk og fungerer godt saman med andre hundar. Han har sterk psyke, god helse og atletisk bygning.
Begge foreldra er flotte representantar for rasen – stabile, arbeidsvillige og svært sosiale hundar som blir brukt aktivt gjennom heile året. Dei er først og fremst jakthundar med stor motor og jaktlyst, men samtidig trygge og familievennlege hundar i heimen.
Dette er ein rase som trivst best med å få bruke både kropp og hovud. Våre hundar blir mykje brukt til jakt, trekking, kløv, turar og andre aktivitetar resten av året – og vi ønskjer heimar som vil gi hunden eit aktivt og innhaldsrikt liv.
Er du ivrig på jakt, friluftsliv og ønsker deg en trofast turkamerat?
Send oss ein melding kor du forteller litt om deg/ dere. Legg ved kontakt informasjon slik at vi kan ta kontakt😀
Legger ved en link til noen filmer fra turer med hundene våre Sjakk og Vega.
https://m.youtube.com/watch?v=C7KhP4q-eEg&pp=iggUQAFKEGxCRm15Y2xFMWNCQngtaEs%3D&ra=m
-Tina og Helge Elias
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 15.5.2026 kl. 23:35 ・ FINN-kode: 463682109
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt