Bildegalleri
Engletrompet med lakserosa blomster
Til salgs
80 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
Stikling av engletrompet
Eg TRUR 90% at den er lakserosa, men kan vere den er gul eller kvit (10% sjanse). Den luktar himmels😚
Liten stikling som no står i vatn. Eg har to stykk til sals. Han har enno ikkje fått røter, men det ser ut til å vere like før.
Om du vil, kan du plante han i laus og luftig kompostjord no. Då kan det vere lurt å klippe litt av bladverket, slik at planta brukar meir energi på å danna røter. Dette treng du ikkje dersom du lar han stå litt lenger i vatn.
Engletrompet veks kraftig i løpet av ein sesong! Han treng mykje vatn og næring, og bør stå i ei stor potte. 💓🤩 Kanskje kjem det til og med trompetblomar allereie i år!
Kan stå ute heile sommaren fram til frosten kjem, men han må herdast først.
Seint på hausten kan han overvintre i ein kald kjellar (utan minusgrader). Då kan du stort sett gløyme han – eventuelt gi han ein liten skvett vatn ein gong eller to gjennom vinteren, sidan han går i dvale. 🌱💁🏼 ♀️
OBS! Planta er giftig, så set deg gjerne litt inn i dette dersom det er fare for at barn eller dyr kan kome borti eller ete på den.
Engletrompet i potte – meir informasjon ved interesse.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 1.5.2026 kl. 17:09 ・ FINN-kode: 462002330
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt
