Bildegalleri
Uopna Mammut 9.5 Gamma Protect-klatretau 60 m grønn
Til salgs
Frakt fra 109 kr + Trygg betaling 107 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
Fekk eit klatretau i gåve for nærare 10 år sidan, men det blei liksom mest buldring på meg, så difor sel eg det heller vidare. Tauet er av typen Mammut 9.5 Gamma Protect og har ei lengde på 60 m. Det står meir info på bileta.
Produksjonsår for tauet er 2017, så det er altså 9 år gamalt. Det har vore lagra innandørs heile tida og er framleis i originalemballasjen. Eg kan ikkje så mykje om haldbarheit på klatretau, men har lese at den er på 10 år dersom det er ubrukt. Sånt kan sikkert variere. Eg tenkjer uansett at dette kjøpast på eige ansvar og helst av folk som har greie på det. I verste fall bør ein bruke det til noko anna enn klatring.
Grunna alder er eg usikker på pris, så det er lov å gi bod.
Kan hentast på Bøler eller sendast mot betaling.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 19.4.2026 kl. 14:57 ・ FINN-kode: 460528996
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt
