
Bildegalleri
Utleige av Verktøy i Førde / Sunnfjord – Bosch Professional (blå) verktøy mm.
Til salgs
123 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Les heile annonsa før du tek kontakt 🙂
*"Edit" 27.05. Eg har kjøpt nye blad til Kapp- og gjærsag.
Har du eit prosjekt på gang, men vil sleppe å kjøpe dyrt verktøy som berre vert brukt nokre få gongar – for så å selje det for halv pris, eller la det samle støv i garasjen?
Eg har ein del verktøy som blir for lite brukt. Stort sett Bosch Professional (blå serie), og etter å ha sjekka kva butikkar og privatpersonar leiger ut – og kva dei tek betalt – vil eg teste utleige i liten skala. Tanken er enkel: Få att noko av investeringane mine, og samstundes gje andre tilgang på bra verktøy ☺️
ℹ️ Praktisk info
Dette er ei "testannonse" med det eg meiner er fornuftige prisar. Eg vil ikkje bruke for mykje tid på dette utan å sjå om det fungerer, eller at det er interesse. Annonsa vert oppdatert eller deaktivert dersom noko/mykje utstyr er utleigd.
🔧 Kva kan utstyret brukast til?
Leggje nytt golv på eit soverom, byte kledning, lage fuglekassar i garasjen saman med ungane, beskjære frukttre, eller byte dekk på bil og campingvogn utan å øydelegge ryggen? Då kan det godt hende eg har utstyret du treng 😎
Utstyret eignar seg til:
– oppussing innandørs
– hobbyprosjekt i garasje
– grovare arbeid
Dette er verktøy som er meint å brukast – ikkje pynt.
🔵 Utstyr og tilbehøyr
Utstyret er i hovudsak Bosch Professional i god stand, laga for handverkarar og for faktisk bruk.
Slite- og forbruksutstyr som sandpapir, sagblad, bor, osb. o.l. må du i utgangspunktet halde sjølv.
Eg har likevel ein del stikksagblad og sirkelsagblad for treverk, nokre slagpiper, vanlege bitshaldarar og impact-bits. Til multikutter har eg ein del blad.
Får eg ei skildring av kva du skal gjere, er det gjerne mogleg å levere med naudsynt tilbehøyr etter avtale. Lyt du kjøpe noko eg kan ha bruk for, så er det mogleg eg kan kjøpe dette av deg etter avtale.
🚚 Større utstyr og leigeperiode
Større utstyr vil eg ikkje leige ut for dagspris. Dersom eg – eller du – må bruke tid på transport av til dømes kapp- og gjærsag, leiger eg dette helst ut for ei veke eller meir, slik at det er verdt tida for oss begge.
📦 Moglege pakkeløysingar:
Eg ønsker hovudsakleg å leige ut "pakkar", der eg leverer litt verktøy med 2–3 batteri (2–8 Ah etter behov) og ladar.
Døme på tenkte pakkar frå mi side:
– Terrasseprosjekt
Drill / slagskrutrekkar + sirkelsag (**) + stikksag (eventuelt kombi)
2–3 batteri og ladar medfølgjer
700 kr for ei veke
Deretter 400 kr per veke.
(**) Eg har "G" modell som ikkje går på skinner.
– Fuglekasseprosjekt: Drill/skrumaskin og stikksag
400 kr for ei veke, deretter 250 kr per veke
(+200 kr per veke for multikutter)
– Kapp- og gjærsag med støvsugar*
800 kr første veka, deretter 500 kr per veke
Stativ kan leggjast til for +100 kr per veke
* Støvsugar vert levert ferdig rigga for tørrstøvsuging (ikkje vatn!).
Eg vil i utgangspunktet ikkje bruke mykje tid på utleige av enkeltmaskiner for ein dag eller to.
Treng du til dømes å låne to drillar til terrassearbeid, eller har du anna Bosch 18V‑utstyr sjølv og manglar ei spesifikk maskin som eg har – som til dømes ein metallnibler som «solo‑maskin» – kan eg sikkert leige deg noko slikt etter avtale, til dømes for 400 kr per veke.
Informer meg om kva du skal gjere, så ser vi om eg har noko som passar jobben din😊
🪚 Sagblad og slitasje
På kapp- og gjærsaga sit det på noverande tidspunkt eit noko slitt (48T?) allround-blad.
Treng du grovare blad (24T?) for fart i treverk, eller finare/hardare (60T?) multi material-blad (til dømes for golv), må vi gjere ei avtale. Til dømes kan vi gjere avtale om at du kjøpe inn bladet, og eg betalar deg halvparten tilbake dersom eg overtek bladet ved innlevering. Nokre av sagblada til denne saga kostar ein del, så her må vi vere litt ryddige.
🧽 Innlevering
Dette er utstyr som er meint å brukast.
Eg forventar ikkje vask, men at du blæs av det verste støvet før innlevering 🤓
💰 Depositum og ansvar
Du må legitimere deg. Det vert kravd depositum tilsvarande minst 50% av anslått bruktverdi på utstyret, basert på verdiliste (laga av "AI" med bruksverdiar, typisk 50% av nyerdiar). Depositum betalast ved henting og vert tilbakebetalt ved innlevering.
Normal slitasje eller teknisk svikt ved rett og normal bruk er ikkje ditt ansvar.
Vi kan alle vere uheldige. Fysisk skade på utstyr som skuldast feil bruk eller uhell (t.d. fall frå stige eller stillas) vert delt 50/50 mellom meg og deg, basert på verdilista.
Eg har kjøpt dette fordi eg har bruk for det sjølv. Eg har ingen planar om å selje det. Kan du ikkje levere utsyret tilbake, krev eg deg for tilsvarande erstatningsutstyr som kan utføre same jobb, truleg til høgare pris enn verdilista mi (som synes nøktern).
⚠️ Viktig
Personleg verneutstyr må du halde sjølv.
Eg tek null ansvar for feil eller uvøren bruk av utstyret.
Øydelegg du hjulboltar, borar i leidningar eller skadar eigen eigedom, er dette ditt ansvar. Ta kontakt med forsikringsselskapet ditt – ikkje meg.
Eg har (mykje) meir utstyr enn det som er lista her. Av utstyr som kan passe saman med dette på bileta i annonsa kjem eg i farta på: kompressor, krysslaser, kablar/adapter, skjøteledningar, dykkertpistol (luft), vater og.... mykje meir. Sei ifrå kva du treng, så skal eg sjå kva eg får til 😊
Noko utstyr er i Førde, noko i Naustdal. Eg treng gjerne nokre dagar på å samle saman det du treng, og kan såleis ikkje love "akutt-bistand". I utgangspunktet skjer henting sentralt i Førde – alternativt kan vi sikkert bli samde om noko anna.
📞 Ta kontakt
Har du spørsmål, vil reservere, eller lurer på om eg har noko spesifikt, send ei melding via annonsa. Send eit nummer, så tar eg kontakt 🤗
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 27.5.2026 kl. 22:09 ・ FINN-kode: 460068059
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt


