Bildegalleri
(1/11)
Sogur frå Sætesdal. Sagde av Olav Eivindson Austad. Skriven av Thorleif Hannaas.
Til salgs700 kr
Beskrivelse
Sogur frå Sætesdal. Sagde av Olav Eivindson Austad. Skriven av Thorleif Hannaas. Steenske forlag Oslo. Centraltrykkeriet 1927.
Olav Eivindson Austad (født 2. februar 1843, død 29. januar 1929) var husmann på Austad i Bygland og kanskje den fremste sogeforteljaren i Setesdal. Olav Bø held Olav Eivindson som ein av dei aller beste eventyrforteljarane i landet.[1] Både Johannes Skar og professorane Torleiv Hannaas og Knut Liestøl skreiv opp soger etter han.
- Olav hadde slik ein fast og stø forteljemåte. Han snudde og vende ikkje på eventyra, men var likevel levande med, som ein skodespelar som kan rolla si og har funni fram til ein fast spelestil, skriv Olav Bø i boka si om Setesdal.
Olav Eivindson var gift med Birgit Omundsdotter Austad (fødd Heistad).
Torleiv Hannaas (fødd 14. juli 1874, død 19. november 1929) frå Hannås i Hornnes, var norsk filolog, folklorist og målmann, og professor i vestlandsk målgranskning ved Bergens Museum frå 1918.
Han tok utdanning i vaksen alder: Lærarskule, artium og etter kvart cand.phil. I åra 1900-1903 var han lærar ved amtsskulen for dei indre bygder på Agder saman med Torleif O. Homme. Han var statsstipendiat frå 1914 og altså professor frå 1918.
Hannaas gjorde eit stort innsamlingsarbeid av folkeminne og målprøvar, men lite av det vart gjeve ut i hans tid. Han grunnla Norsk Årbok i 1920, og redigerte den til han døydde. Han skipa i 1921 Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, og var leiar (og einaste tilsette) ved samlinga. Han gav ut fleire språkhistoriske minnesmerke, og var medarbeidar i serien Norske bygder for binda om Setesdal og Vest-Agder om språk/dialektar. I 1927 gav han ut Sogur frå Setesdal, som han hadde skrive opp etter den siste store forteljaren i dalen - Olav Eivindson Austad. Han omsette òg mange av dei islandske sagaene til norsk. Han var engasjert til å skrive bygdesoge for Hornnes, og var i gang med dette arbeidet då han døydde brått i 1929.
Torleiv Hannås var leiar for Noregs Mållag 1926–29. Den nynorske boksamlinga hans på om lag 2500 band vart kjøpt av Bergens museum i 1932. Hannaas samla på alt som fanst av nynorsk litteratur før 1929. Om boksamlinga vart det sagt at Hannaas var kjent som ein av Noregs ivrigaste og mest kunnskapsrike boksamlarar.
Ring eller send sms til 924 35 058 for å kjøpe og for å diskutere henting og sending.
NB: Knappen for å vise hele beskrivelsen har kun en visuell effekt.
Beliggenhet
| FINN-kode | 460039384 |
|---|---|
| Sist endret | 15.4.2026 kl. 17:43 |

















