Bildegalleri
Nissan ECO-56 / ECO-T.100
Til salgs
4 999 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Må fikses - Noen mangler/ødelagte deler
Bilmerke: Nissan
Selges som komplett delebil eller i delar – for deg med sveiseapparat og livsglede
Har du lyst på noko ingen andre på bygda (eller i landet?) køyrer rundt med? Då bør du ta ein kikk på denne sjeldne skapningen: ein Nissan Eco-56 lettlastebil – eit prosjekt av dei sjeldne.
Denne doningen er registrert som bil, så du kan faktisk køyre avgarde med vanleg førarkort – dersom du får han på vegen att. Eventuelt kan du oppregistrere og få litt meir nyttelast, om du føler deg ekstra eventyrlysten.
Bilen gjekk i full drift heilt fram til EU-kontrollen i 2020. Sidan den gong har han tatt ein velfortent pause, no ventar han berre på ein ny eigar med pågangsmot, tolmod og stor livsglede
Kva må gjerast?
Kort sagt: ja.
Litt meir konkret:
Sveise berande element på hytta (her kan du verkeleg få brukt ferdigheitene dine)
Montere dieseltank
Få på plass ekspansjonstank til kjølevatn
Truleg byte det meste av bremser
Gå over det elektriske
Og sikkert ein del overraskingar undervegs, det er jo det som gjer det kjekt
Du lurar sikkert på kva du kan forvente den dagen du er ferdig å sveise og klar for å rulle ut på vegen. Eg er rimeleg trygg på at du kjem til å bli sittande akkurat der du er i setet når du trykker inn gasspedalen på den illsinte BD30TI-motoren.
BD30TI – ja, det betyr både turbo og intercooler, så her snakkar vi heile 109 ponnier. Dette er med andre ord eit kraftoverskot som gjer at du kan halde fartsgrensa på flatmark, så lenge du planlegg i god tid og ikkje har lass med deg. Men me mekanisk dieselpumpe så er det berre å finne fram skrujernet og juster opp dieseltrykket.
Moglegheitene er mange:
Bilfraktar
Planbil med karmer
Campingbil for den som likar det rustikt
Hestebil (for hestar med sans for sjel)
Eller noko heilt anna – her er det berre fantasien (og sveiseapparatet) som set grenser
Dette er ikkje bilen for deg som vil ha noko strøkent. Dette er bilen for deg som likar lukta av sveiserøyk, kjenner glede av å redde noko frå skraphaugen, og som set pris på eit prosjekt som faktisk krev litt innsats.
Selges som den står – komplett eller i delar, alt etter kor optimistisk du er. Ta kontakt når du renn over med motivasjon for å ta fatt på dette prosjektet, eventuelt at du treng deler. Ta kontakt så blir med enige om pris, på komplett bil eller deler
Mål og vekter slik den er registrert no:
Lengde 598
Bredde 255
Egenvekt 2640
Tillat totalvekt 3495 (5600 dersom lettlastebilregistrert)
Tillat nyttelast inkl. passasjerer 780
Maksvekt tilhenger m/brems 3495
Maks akselavstand foran 2120
Maks aksellast bak 4000
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 9.4.2026 kl. 09:48 ・ FINN-kode: 459150931
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt



