Bildegalleri
Verdens beste Aurora
Til salgs
1 000 kr
Beskrivelse av varen
Hei.
Me er på utkikk etter ein aktiv person eller familie som kunne tenkt seg ein heilt fantastisk turvenn – vår Aurora på 5 år.
Dette er ein hund med ein veldig fin personlighet. Ho bjeffar lite, reagerer roleg på folk rundt seg og er ikkje ein ei som hoppar opp eller blir overivrig. Ho er trygg, roleg og balansert – nesten litt som ein katt i lynne og væremåte 😅.
Me ser at ho, på grunn av rasen ho er, har behov for meir aktivitet i kvardagen enn det me har å tilby henne.
Håpet er å finna ein ny heim, hjå mennesker me kan ha god relasjon til- så me kan opprettholda ein viss kontakt med henne. Me vil gjerne kunne stille opp og ha henne når det passar for ny heim – om det er snakk om feriar eller andre behov for hundefri. Ho vil då få litt det beste frå 2 heimar.
Ho elska å vera med på telttur og overnatting, generelt ute i naturen.
Det er viktig for oss at den som overtar ho har mykje kjærlighet, tid og omsorg å gje.
Aurora passar ikkje inn i ein stressa eller masete familie. Ho er ein roleg og sensitiv hund som er vand med menneske som møter henne med respekt og ro. Hjå oss har det aldri vore kjefting eller straff – berre god omsorg og tålmodighet – og det er viktig for oss at det held fram slik.
Aurora kjem frå oppdrettarar med svært godt omdømme, og ho har eit fantastisk gemytt og gode gener. Ho har ein ro over seg som mange legg merke til, og fleire har sagt at ho kunne passa godt som besøks- eller terapihund. Ein healer/medium har til og med kommentert at ho har ei sterk, roleg og healande energi rundt seg – noko mange kjenner når dei er i nærleiken av henne.
Ta gjerne kontakt om dette høyrest interessant ut, så kan me ta ein uforpliktande prat på tlf. 97609811
Me kjem ikkje til å ta noko forhasta avgjørelse, men me håpa den perfekte personen/familien dukka opp🥰
Det er ikkje nødvendigvis snakk om salg, men satte ein sum for at eg måtte.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.4.2026 kl. 09:58 ・ FINN-kode: 455518170
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt