Bildegalleri
Irsk setter valpar – spennande kull med sterke jaktlinjer
Til salgs
Beskrivelse av varen
Det ventast eit svært spennande kull irsk setter med fødsel ca. 28. mars. Her forventar me hundar med naturleg og medfødd jaktlyst, sterk viltfinnarevne, god kapasitet og stabil mentalitet.
________________________________________
Mor: Ellepelles Billie
(«U S» Solan / «U S» Pippi Lotta)
Billie er etter solide US-linjer. Berre 7 månader gammal hadde ho si første jaktsituasjon der ein god stand med presis og djerv reis resulterte i felt fugl.
Ho er ein lett og funksjonell hund med god fart og stor kapasitet. Billie er ein sterk viltfinnar med presis stand og direkte reis. Ho arbeider sjølvstendig i søk med naturleg god kontakt og revierer flott i terrenget. Arbeidsviljen er høg, og ho leverer stabilt arbeid uavhengig av ver og føre.
Billie er HD-fri og jaktpremiert.
I kvardagen har ho eit svært godt gemytt. Ho er roleg og harmonisk i hus, sosial og glad i folk. Ho har vakse opp og lever med barn i alle aldrar, og er ein kjekk turkamerat både til beins og på ski – roleg inne og aktiv ute.
________________________________________
Far: Gulltjønns Echo
(Stormyreggas PB Zorro / Gulltjønns Djerve Multe)
Echo har svært gode jakteigenskapar og tok tidleg stand. Allereie som 5 månader gammal viste han naturleg fast stand med påfølgjande flott fuglearbeid.
Han er stabil og sikker i stand, presis og djerv i reis. Echo er tolmodig og mentalt sterk i fuglearbeidet, med stor jaktlyst og god kontakt. Han er ein effektiv viltfinnar som revierer godt og held intensitet og kvalitet gjennom lange dagar i fjellet. Ver og føre er inga hindring for arbeidsmoralen.
Echo er HD-fri.
Han er ein lett og funksjonell hannhund med svært godt lynne. I kvardagen er han roleg og balansert, likar aktivitetar året rundt, og er trygg og glad i møte med både barn og vaksne.
________________________________________
Om valpane
Valpane vil vekse opp i heim med barn og andre hundar, og vil få veldig god sosialisering og trygg preging frå starten av.
Dei seljast ID-merkte, med helseattest frå veterinær og registrerte i NKK. Leveringsklare etter avtale ved fylte 8 veker (ca. slutten av mai). Held til i Luster, Vestland. Eg kan vere behjelpelig med levering, dette kan avtalast nærare ved behov.
Valpane seljast fortrinnsvis til kjøparar som driv med jakt og/eller jaktprøver, og som kan tilby eit aktivt og målretta liv i ein trygg og god heim.
Ta gjerne kontakt for ein hyggeleg hundeprat.
Bernt Aleksander Elle
Tlf: 952 81 067
berntaleksanderelle@gmail.com
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 27.2.2026 kl. 20:06 ・ FINN-kode: 453007465