Bildegalleri
Leonbergerjente søkjer ny heim🤎🐕
Til salgs
5 000 kr
Beskrivelse av varen
Alder: 3 år
Pga forverring i helsesituasjon har eg sidan forrige sommar tenkt på forskjellige utveier og løysinger av hundehaldet, men ser no at omplassering er det einaste rette. Det er fryktelig trist, men klarer ikkje å ta meg av hunden vår Mokka på ein skikkeleg måte lenger. Ho fortener det beste, so difor prøver eg å finne ny eigar med god plass til stor hund, gjerne med erfaring og gjerne ein plass der ho får gå litt fritt, og sleppe å gå i band heile tida. Ho har vore vand til fjellturer og i skog og mark, gjerne i lag med 'hundekompiser' av forskjellig rase. Då har ho stort sett gått laus og det har gått heilt fint. Men sida vi bur i ein tettstad, so går vi mykje gater og trent på å møte forskjellig. Dessuten elsker ho å køyre bil. Kan vere heime åleine nokre timer, sjøl om det er sjeldan. Ho går fint i lag med stort sett alle. Er van med små og større barn. Vi har tatt ho med på alt i dagleglivet vårt sida vi fekk ho då ho var ca 8 veker. Ho går aldri langt i frå oss, men innkalling kan vere litt variabelt. So der er litt å trene på. So er det hundemøter, gjer den andre utfall og bjeffer mot ho, so hopper ho gjerne fram. Men har aldri opplevd aggresivitet. Har også vore plaga med øyrene, men det håper vi er på bedringens vei. Alt i alt ei snill og roleg tispe, passer fint både i familie eller berre til ei/ein som vil ha eit godt selskap. Ho blir 3 år 19.denne mnd. Setter ein pris, den kan diskuterast, viktigast er at ho får ein god heim.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 13.2.2026 kl. 16:29 ・ FINN-kode: 450910927