Bildegalleri
Santini Tietema Rose Rockets, sykkeltrøye langermet, str S.
Til salgs
Frakt fra 50 kr + Trygg betaling 65 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Helt ny - Uåpnet/med lapp
Selger ein heilt ny og ubrukt langarma sykkeltrøye av merket Santini tilhørande UCI Profflaget Rose Rockets. Størrelse S.
Dette er sykkeltrøya frå 2025-sesongen og derfor har trøya ein annan design enn årets trøye og litt ulikt klubbnavn pga sponsorar osv.
Eg bestilte fjorårets modell fordi eg syns denne var veldig stilig! Har Unibet-logoar på.
Trøya er i fullstendig 100% tilstand, eg var bare så urutinert å bestille strørrelse S når eg skulle bestilt størrelse 2XL… Merka fort at det ikkje var vits i å prøve ein gong, haha! Trøya er uprøvd, bare tatt ut for å ta bilde.
Sidan trøya kostar €60 og frakta er €32 er totalprisen eg betalte 1075 kr med kursen i starten av februar, så prisen du må betale om du skal bestille denne er ein del meir enn eg legg ut for. Eg kan sende i retur å få pengane att for trøya, men luftar om nokon kan være interesserte i å ha den kulaste (etter mi meining) trøya i UCI-sirkuset!
Sjølve trøya har eit litt softshell-liknande teknisk sykkelstoff i Santini-kvalitet så ikkje av silketynt stoff. Glidelås i heile fronten, tre lommer bak med strikk i toppen og god stretch (har annan Santini-trøye i samme stoff, så har erfaring derifrå). Sjå vedlagt størrelsestabell frå Santini.
Verken leverandør eller sjølve merkinga indikerar om det er herre- eller dame-trøye, men dette er vel eit herrelag, så vil tippe det er herrestørrelse. Hovedsakleg laga for landeveg, men kan vel brukast til aerodynamisk sykling generelt eller slik du ønskar.
Stikkord: sykling, sykkeltøy, road jersey, santini, UCI, Unibet, landeveistrøye, landeveg, landevei, racer, sykkeltrøye
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 11.2.2026 kl. 14:51 ・ FINN-kode: 450607336