Bildegalleri
MacBook Pro 15" (Mid 2015) – fungerer fint, batteri bør skiftast
Til salgs
1 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Merke: Apple
Apple MacBook Pro Retina 15-tommers bærbar PC (Mid 2015).
Spesifikasjoner fra skjermbildet:
- Modell: MacBook Pro (Retina, 15-tommers, Mid 2015)
- Skjerm: 15-tommers Retina-skjerm
- Prosessor: 2,2 GHz firekjerners Intel Core i7
- Minne (RAM): 16 GB 1600 MHz DDR3
- Grafikk: Intel Iris Pro med 1536 MB delt minne
- Operativsystem: opp til macOS Monterey
Beskrivelse:
Selger ein MacBook Pro 15" frå 2015 som har vore brukt som stasjonær maskin i fleire år, tilkobla ekstern skjerm, tastatur og mus. Den har derfor vore lite flytta på og generelt godt behandla.
For nokre år sidan oppdaga eg ei lita heving i batteriet då maskina skulle flyttast. Hevinga påverka aldri bruken, og maskina vart brukt vidare i lang tid utan problem.
Etter lagring har hevinga gått ned igjen, men batteriet bør reknast som defekt og må skiftast om ein vil bruke maskina utan lader. Som stasjonær fungerer den heilt fint.
Maskina er no sletta, nyinstallert og klar for ny eigar.
Fungerer som den skal:
- Skjermen er fin
- Tastatur og trackpad fungerer
- Maskina startar normalt
- Stabil i bruk med lader
- Nyinstallert macOS
Spesifikasjonar:
– 15" Retina-skjerm
– Intel i7
– 16 GB RAM
– 256 GB SSD
Passar for deg som:
- Treng ein rimeleg Mac til enkel bruk
- Skal bruke den som stasjonær
- Vil bytte batteri sjølv
- Treng delar
Selgast som den står.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 10.2.2026 kl. 18:28 ・ FINN-kode: 450492272
Utforsk våre nye sider for klær og mote
Ta en titt

