Bildegalleri
Norrøna svalbar 65l + 14l tursekk
Til salgs
Frakt fra 99 kr + Trygg betaling 51 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Norrøna Svalbar 65 liter tursekk. Det følger med to sidelommer på 7 liter kvar. Med sidelommen rommar sekken totalt 79 liter. Sekken har polstra hoftebelte, justerbare skulderstroppar og fleire kompresjonsreimar. Det er kjøpt ekstra reimer som ein kan ta av og på eller flytte dit ein har behov. Dette gjere sekken veldig fleksibel.
Den har topplokk som ein kan bruke som rumpetaske. Fargen er mørk grå med blå detaljer. Ryggen er justerbar.
Som nokre av bilda viser har eit feste på skulderreima blitt øydelagt. Dette er det feste ein treng for å justere sekke ut og inn frå ryggen for å finne riktig tyngdepunkt. Den er ikkje avgjerande for å kunne bruke sekken, men likevel viktig for komfort dersom ein skal gå med tung sekk. Eg har funne ei midlertidig løysing, men den bør syast med noko kraftigare enn vanleg nål og tråd dersom sekken skal vare i fleire år til. Feste på andre skulderreima er ikkje øydelagt, men slitt og kan sikkert ryke på eit tidspunkt. Utanom desse festa, er sekken i god stand og har mykje bruk igjen! Håpar nokon vil kjøpe og fikse sekken! Den er for god til å ikkje bli brukt litt til.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 8.2.2026 kl. 17:16 ・ FINN-kode: 450166192